Olympic pluss i tredje kvartal
I MÅL: Hovudeigar Stig Remøy og Olympic Subsea har forhandla med kreditorane for å refinansiere selskapet, Foto: Marius Rosbach
Nytt

Olympic med støtte til ny gjeldsavtale

Gladmelding for reiarlaget etter langvarige forhandlingar.

Marius Rosbach
02.08.2021

Olympic Subsea har sikra seg støtte frå eit fleirtal av bankane som har lånt dei pengar, om ein avtale om ny profil på avdraga for gjelda.

Det opplyser Herøy-reiarlaget i ei børsmelding måndag.

Forhandlingane om ei refinansiering av Olympic Subsea vart varsla då selskapet la fram rekneskapen for 3. kvartal 2019, og fristen for å bli samde er utsett fleire gongar.

Må ha støtte frå andre kreditorar
Den nye avtalen vil redusere den årlege gjeldsbyrda, gi tilstrekkeleg kontantabalanse og betre finansielt armslag, ifølgje meldinga måndag.

Ein endeleg avtale er avhengig av at ein blir samde med dei resterande kreditorane innan utløpet av august. Reiarlaget påpeiker at det ikkje er mogleg å gi garantiar for at dei kjem i mål med løysinga som ligg på bordet.

Slepp avdrag til 2023
Avtalen inneberer mellom anna at reiarlaget ikkje treng å betale avdrag til mars 2023.

Den vil også gi lågare rente og betre avskrivingmoglegheiter. Reiarlaget opplyser samtidig at det ikkje ligg an til endringar for uteståande obligasjonslån.

Olympic har leigd inn konsulentane i EY til å gi finansielle råd i saka.

Publisert: 02.08.2021 11:31

Sist oppdatert: 02.08.2021 12:33

Mer om