Ny kapitalutviding i Inseanergy
Verdset selskapet til 139 millionar. Har meir enn dobla aksjekursen sidan i fjor.
Inseanergy i Ålesund vil hente inn inntil 46,25 millionar kroner i ny eigenkapital til 250 kroner aksjen.
Ved kapitalutvidinga i januar 2022 henta selskapet 30 millionar kroner, til 120,29 kroner aksjen.
Dersom selskapet får fullteikna kapitalutviding, vil den nye kapitalen utgjere 33 prosent eigarandel i Inseanergy.
To kommersielle sal
Inseanergy lagar flytande solcelleanlegg for oppdrettsnæringa og arbeider også med å utvikle anlegg som kombinerer solcellekraftanlegg og brenselceller som brukar hydrogen for å produsere kraft. Er hydrogenet produsert av elektrisitet frå vatn, vind eller solkraftverk er det snakk om ei energikjelde utan CO2-utslepp.
Ideen er å erstatte eller supplere kraftproduksjon frå dieselaggregat på oppdrettsanlegga, for å redusere CO2-utslepp. Inseanergy-anlegg kan og vere eit supplement til straumleveransar frå land.
I fjor fekk Inseanergy sine to første kommersielle avtalar, med torskeoppdrettselskapet Gadus Group og lakseoppdrettselskapet Bjørøya.
Hofseth størst
Etter kapitalutvidinga i fjor er Roger Hofseth sitt selskap Ocean Solar største eigar, med 14,5 prosent av aksjane.
Nest største eigar er S. Notøy Eiendom med 12,7 prosent. S. Notøy Eiendom er eigd av fleire medlemer av Notøy-familien og er er eigar av presenningsprodusenten Plany i Sande kommune.
Jan Erik Våge Klepp var tidlegare dagleg leiar i Plany før Inseanergy-satsinga. Han er tredje største aksjonær (7,6 prosent) gjennom sitt selskap Teknologen Invest.
Folkeinvest
Kapitalutvidinga i fjor vart gjennomført i regi av Folkeinvest. Folkeinvest er eit selskap som har spesialiser seg på å koble mindre investorar med mindre og selskap på jakt etter kapital.
Minstekravet for å vere med er sett relativt lavt.
Kapitalutvidinga på 30 millionar kroner i fjor var ei av dei største som er gjennomført i Folkeinvest-regi. Inseanergy fekk då over 600 aksjonærar.
Vekst og internasjonal kommersialisering
Denne gangen er planen og hente inn ny eigenkapital gjennom av ein kombinasjon av å bruke Folkeinvest og kapitalinnhenting i eigen regi, fortel dagleg leiar Kari-Elin Korsnes Hildre i Inseanergy i ein e-post til NETT NO.
Kapitalutvidinga er retta både mot nye og eksisterande eigarar, ifølgje Korsnes Hildre.
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere vekst og internasjonal kommersialisering av solcelleanlegga og utvikling og kommersialisering av dei anlegga som kombinerer solcellekraft-produksjon og bruk av hydrogendrivne brenselcelleanlegg.
Publisert: 10.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 10.01.2023 09:54