Fekk ny karantene før den førre gjekk ut
Fleire kritikkverdige forhold avdekka i drifta av bensinstasjon på Stranda. No har eigaren fått ny konkurskarantene.
Eigaren av selskapet Autosenteret Stranda har nyleg fått konkurskarantene fram til februar 2023, etter å ha vore innblanda i sin tredje konkurs på mindre enn eitt år.
Mannen i 60-åra hadde allereie karantene, etter ein konkurs i februar i fjor.
Vil betale tilbake ulovleg lån
I den første av to beretningar frå bustyrar Christian Garmann blir det påpeika ein rekke kritikkverdige forhold ved drifta. Det mest alvorlege er eit ulovleg lån på kring 830.000 kroner frå selskapet til eigaren.
Ifølgje sluttberetninga er dette løyst ved at eigaren har signert eit gjeldsbrev for kring halvparten av beløpet. Bubehandlinga er difor innstilt og eigaren har dei siste dagane trekt seg frå dei andre styreverva han hadde.
Bensinstasjonseigaren har hevda at lånet dreiar seg om ein feil ved bokføringa som skal ha oppstått allereie i 2010-2013, og auka over fleire år. Bustyrar har ikkje funne haldepunkt for at det er slik, ifølgje den første rapporten.
Underskot sidan 2017
Bustyrar skriv at årsaka til at selskapet fekk problem med å følgje opp dei økonomiske forpliktingane sine, i første rekkje var at inntektene over ein lengre periode ikkje var høge nok til å dekke utgiftene.
Ifølgje rekneskapane har firmaet vore insolvent sidan 2017, og gått med underskot sidan då. Eigenkapitalen har vore negativ like lenge, og det er ikkje tilført ny kapital til selskapet.
Eigaren har forklart at han tenkte på å gi opp, men at han håpte på betring.
Ikkje dekning til kreditorar
Det er meldt inn krav på 1,27 millionar kroner etter konkursen. Per i dag er det ikkje dekning til nokon av kreditorane.
Om det kjem inn midlar frå nedbetaling av det ulovlege lånet som forsvarer gjenopning av buet, foreslår bustyrar at det blir gjort på eit seinare tidspunkt.
Bensinstasjonselskapet skulda ifølgje rekneskapane nær 300.000 kroner til eit anna av selskap eigaren hadde – som gjekk konkurs i fjor. Kravet skal ha oppstått fordi ein leverandør stoppa å levere til bensinstasjonen. Difor blei varene kjøpt via det andre selskapet – men aldri betalt.
Involvert i restaurantdrift
Mannen var også involvert i drifta av ein restaurant i leigde lokale i Storgata, som blei tvangsoppløyst i 2019.
Bustyraren i den saka konkluderte med at det truleg ikkje var ført rekneskap overhovudet. Buet meinte mannen var den reelle eigaren av restaurantselskapet, men han skal likevel ikkje ha hatt noko med drifta å gjere.
Drivaren av restauranten skal ha reist på ferie i fjor, og bustyraren var ikkje i stand til å få tak på ham.
Publisert: 09.03.2021 05:55
Sist oppdatert: 08.03.2021 23:15