Sunnmøre tingrett foto ogne
KONKURSBEHANDLING: Sunnmøre tingrett opna nyleg konkurs i eit selskap knytt til ein mann som tidlegare har fått karantene to gonger.
Nytt

Innblanda i ny konkurs og feilaktig koronastøtte

Mannen med konkurskarantene fekk nyleg lempa på svindelstraff. No er eit nytt selskap gått over ende.

Marius Rosbach
26.02.2021

Ein mann som i fjor blei dømt for fleire tilfelle av bedrageri etter tidlegare forretningsverksemd, er på nytt innblanda i ei konkurssak. Ålesund-selskapet, melde nyleg oppbod til Sunnmøre tingrett.

I utgangspunktet har ikkje den svindeldømte mannen noko formell rolle i firmaet, men bustyrar Øystein Remme meiner at det i realiteten har vore han som har stått for drifta av selskapet.

– I den grad det har vore slik at han har vore dagleg leiar, så er det eit brot på konkurskarantenen han blei idømt i Sunnmøre tingrett i haust, fortel Remme til NETT NO.

Då mannen forklarte seg i retten om karantenesaka, forklarte han at han var fast tilsett – og ikkje hadde noko styreverv eller interesser i noko selskap.

Det høyrer med til historia at mannen på sin Facebook-profil hausten 2019 var oppført som eiger/dagleg leder i selskapet, inntil NETT NO tok kontakt med selskapet via Facebook-chat.

Selte hjartestartar
Bustyraren har førebels ikkje full oversikt over årsaka til konkursen i firmaet som blei starta opp våren 2019.

– Det som er opplyst frå styreleiar, er at dei selte hjartestartarar til mellom anna det offentlege og idrettslag. Så kom koronaen og dei opplevde at det ikkje blei kjøpt eller selt noko etterpå, fortel Remme.

Så langt kan ikkje bustyrar sjå er det er ført rekneskap i særleg grad, og den økonomiske situasjonen til bedrifta er «relativ uklar», legg han til.

Førebels har det meldt seg kreditorar med krav på om lag 460.000 kroner, men Remme vurderer at det vil auke.

Har fått feire karantenar
Mannen som skal ha stått for drifta fekk allereie september 2018 konkurskarantene etter at eit selskap som selte kontorrekvisita gjekk over ende.

I den perioden skal han likevel ha gått inn i eit nytt selskap, som også gjekk konkurs. Då karantenesaka var til vurdering i tingretten avviste mannen dette. I november fekk han ny karantene, og har ikkje lov å drive forretningsverksemd i to år.

I grunngjevinga til tingretten står det at retten finn det nødvendig å «verne potensielle avtalepartar, kreditorar og omsetningslivet for øvrig» frå mannen sin «måte å drive forretningsførsel på».

Svindeldom
I haust blei mannen dømt til fengsel i eitt år og åtte månader for dei tidlegare forholda. Frostating lagmannsrett lempa nyleg på straffa – og gjorde seks månader av straffa på vilkår, grunna konsekvensane for familien og barna til mannen.

I retten har mannen påpeika at han har innrømt sine tidlegare feil og inngått avtaler om å betale tilbake det han skuldar.

Krav om tilbakebetaling av koronastøtte
NETT NO omtala i mai 2020 at det no konkursråka selskapet, hadde fått støtte frå kontantstøtteordninga som blei oppretta for bedrifter råka av koronakrisa.

Advokat Remme stadfestar at selskapet fekk utbetalt drygt 38.000 kroner, og at dei har fått krav om tilbakebetaling av dette. Ifølgje styreleiar blei det ved ein feil gitt uriktige opplysningar i søknaden, fortel bustyraren.

Det er ikkje større verdiar i selskapet, men Remme fortel at det er noko lausøyre som skal takast hand om.

Første skiftesamling i saka er i midten av april.

Publisert: 26.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 26.02.2021 00:15

Mer om