Konkursboelgja kom ikkje i koronaaaret
VERFTSKONKURS: Kleven-eigarskapen til Tomislav Debeljak enda med tre konkursar og råka desidert flest menneske på Nordvestlandet i fjor. Både verftet og bemanningsselskapet blir no drifta vidare med nye eigarar. 
Nytt

Konkursbølgja kom ikkje i koronaåret

Stikk i strid med forventingane gjekk talet på konkursar ned i kriseåret. Sjekk kva selskap som kasta inn handkleet i 2020. 

05.01.2021

(NPK-NTB-NETT.NO-Johan Falnes): Ifølgje tal frå Brønnøysundregistera hadde Møre og Romsdal 173 konkursopningar og tvangsavviklingar i 2020. Samla gjer det at talet på konkursar i fylket gjekk ned med 13,5 prosent samanlikna med 2019.

Konkursopningar i Møre og Romsdal i fjor (ekstern lenke)

I Vestland var det 487 konkursopningar og tvangsavviklingar i løpet av fjoråret. Det utgjorde ein nedgang på 13,3 prosent samanlikna med året før.

Konkursopningar i Vestland i fjor (ekstern lenke)

Også for landet som heilheit viser statistikken ein nedgang – på 12,7 prosent færre konkursar ved utgangen av i kriseåret, samanlikna med 2019.

Ingen auka for hardt råka bransjar

Tala frå Brønnøysundregistera viser at det vart registrert 5.466 konkursar i Noreg i 2020.

Blant desse var det 4.089 konkursopningar og 1.377 tvangsavviklingar for heile landet. Det betyr at det trass i koronakrisa vart registrert 797 færre konkursar i 2020 enn året før.

Det var heller ingen auke i konkursar innanfor overnatting og servering – bransjar som har vore hardt ramma av krisa.

Medan det vart registrert 483 konkursar i desse bransjane i 2019, fall talet til 479 i 2020.

Det er nesten så ein fraus fast situasjonen i 2020

Samansett forklaring

Forklaringa på nedgangen er samansett.

Brønnøysundregistera viser sjølv til at domstolane har redusert drift, medan Skatteetaten har sendt ut færre konkurskrav. Samtidig har bedriftene fått viktig krisehjelp.

Då Noreg stengde ned i mars, bestemde Skatteetaten seg for å stoppe utsendinga av konkurskrav for ein periode. Samtidig trekte Skatteetaten mange av krava som allereie var sende.

I sommar innførte regjeringa dessutan ei moglegheit til å søkje utsetjing på innbetalinga av skatt og meirverdiavgift for bedrifter og næringsdrivande som er ramma av krisa. Den ordninga er no forlengd ut februar.

– Vi har grunn til å tru at betalingsutsetjingane òg har bidrege til at færre blir slåtte konkurs, seier avdelingsdirektør Rune Langsø Johansen i innkrevjingsdivisjonen i Skatteetaten.

Han legg til at Skatteetaten no er i ferd med å normalisere innkrevjingsarbeidet.


Fryktar forverring i 2021

NHO-sjef Ole Erik Almlid er ikkje overraska over nedgangen. Han trur mange bedrifter har halde det gåande takka vere krisetiltaka kombinert med håp om betre tider.

Men faren er ikkje over. Det NHO fryktar, er at konkursane skal komme i 2021 i staden, når eigenkapitalen er brukt opp, gjeldsnivået har nådd taket og krisehjelpa blir fasa ut.

– Vi ventar at det blir fleire konkursar no i 2021 enn i 2020. Det er nesten så ein fraus fast situasjonen i 2020, seier Almlid til NTB.

Han meiner krisehjelpa har betalt seg, og at regjeringa no bør vurdere endå ein pakke med grep for å hjelpe næringslivet gjennom dei siste månadene med smitteverntiltak før effekten av vaksinasjon slår inn for fullt.

Spesielt kompensasjonsordninga og permisjonsreglane er viktige, ifølgje Almlid.

– Det vi ser no, er starten på slutten. Då må vi sikre at vi ikkje mistar arbeidsplassane på oppløpssida, seier han.

Dyster stemning

Ifølgje NHO-sjefen er utsiktene no dystre, spesielt i reiselivsbransjen og i utelivs- og eventbransjen.

Det to veker lange nasjonale skjenkeforbodet som vart kunngjord søndag, kom som ei overrasking på mange av medlemsbedriftene i NHO.

– Det er ingen som stiller spørsmål ved at det skal vere tiltak. Det skal det vere. Vi ønskjer ikkje å måtte stengje ned Noreg slik vi ser Storbritannia har gjort, og som andre land gjer. Vi må gjere noko for å forhindre smittespreiing, seier Almlid.

– Men det er dårleg stemning, og mange fryktar at det skal gå gale.

Publisert: 05.01.2021 16:01

Sist oppdatert: 16.03.2021 12:45