Ny kontrakt på rekordstor båt
Mare Safety kapra nytt oppdrag og har fått oppsving så langt i år.
Ulsteinvik-baserte Mare Safety melder fredag om kontrakt på ein ny brannbåt til Røde Kors i Hordaland.
Båten blir tilsvarande den som nyleg blei levert til brann- og redningsetaten i Kristiansand. Båttypen er den største modellen frå Mare Safety nokon gong, 14,5 meter lang og 5 meter brei.
– No har brannbåten vore i dagleg drift sidan overtakinga i Kristiansand, og tilbakemeldingane er eksepsjonelt gode, uttalar administrerande direktør Are Garshol i ei pressemelding.
Fått løft i år
Selskapet som også bygger bysser
om bord på skip og fartøy, leverte eit rekneskap i 2020 som viste betre
lønnsemd enn på mange år. Omsetninga gjekk likevel ned.
Så langt i 2021 har dei fått eit løft, ifølgje Garshol.
– Både innan båt og bysse har det vore god aktivitet på nysal og ettermarknad, trass noko laber aktivitet ved norske skipsverft, fortel Mare Safety-sjefen.
Mellom anna har dei sikra seg bysseoppdrag på det nye vindskipet til Rem Offshore og det første kystvaktskipet, «Jan Mayen», under bygging ved Vard.
Prosessen med oppdraget til Røde Kors i Hordaland, starta for to år sidan og konkurransen i segmentet er hard.
– At Mare kom sigrande ut, grunnar nok i fleire moment. Først og fremst dei unike sjøeigenskapane til båten, kombinert med pris og kvalitet. I tillegg var det nok utslagsgjevande at kunden sjølv får påverke byggjeprosessen fram mot det endelege produktet, uttalar produktsjef for båt Torstein Teigene i pressemeldinga.
Publisert: 29.10.2021 13:09
Sist oppdatert: 29.10.2021 13:27