Mare safety are garshol rem offshore kleven 33
RINGVERKNADER: Skroget til PSV-en som opphavleg blei bestilt i 2014, skal i løpet av året bli eit serviceskip for Rem Offshore. Om bord kjem mellom anna utstyr frå Mare Safety. Leveransar til vindkraftmarknaden har blitt viktigare dei siste åra for Are Garshol som sysselsette 18 årsverk i fjor. Foto: Nanseth Media/Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

På rett kurs med fleire hasteoppdrag

Det «sunnmørske» vindskipet under bygging på Kleven, har mellom anna gitt ringverknader til Mare Safety.

Marius Rosbach
01.05.2021

Båt- og byssebyggarane i Mare Safety leverte eit rekneskap i 2020 som viser betre lønnsemd enn på mange år.

Omsetninga gjekk ned frå 77 til 66 millionar kroner. Det er likevel dei nest høgste årsinntektene for Ulstein-bedrifta, sidan rekordåra 2014-2015.

Dagleg leiar Are Garshol seier seg difor «veldig nøgd» når han skal summere opp korleis koronaåret 2020 enda opp.

– Fjoråret skulle eigentleg vere det første året med prosjekt som var inngått på betre vilkår enn dei tidlegare åra. I staden måtte vi stramme heilt inn og sikre likviditet, så lenge vi ikkje visste kor lenge dette ville vare, fortel Garshol.

Mange av prosjekta som blei stoppa om våren, vakna til liv i løpet av sommaren
Are Garshol

Fekk fleire hasteoppdrag
Over sommaren og utover hausten blei det meir fart i marknaden. Dei merka ein tendens til at det kom fleire kortsiktige oppdrag i marknaden.

– Mange av prosjekta som blei stoppa om våren, vakna til liv i løpet av sommaren, og vi fekk fleire leveransar utover hausten. Vi fekk også ein god del fleire hasteleveransar, der spørsmålet var kor raskt vi kunne levere, fortel Garshol til NETT NO.

Han fortel at det både gjaldt nybygg og reiarar som fekk hastverk med å få skip som hadde vore i opplag, klare til sjøen. Då oljeprisen klatra oppover, førte det mellom anna til at fleire supplyskip trengde oppgraderingar før dei blei sett i arbeid.

(saka held fram under)

Rem kleven Illustrasjon Havyard Design Solutions AS
HAVYARD-DESIGN: Slik skal Rem Energy bli sjåande ut når skipet er ferdig og klar for oppdrag for
Vi fekk ordren vesle julaftan og leverte båten på 14 veker
Are Garshol

Betydelege oppdrag til Rem Offshore-skip
Eit av hasteoppdraga gjaldt ei leveranse i nabolaget, ein hurtiggåande «Daughtercraft» til det nye vindskipet som Rem Offshore byggjer ved Green Yard Kleven.

– Vi fekk ordren vesle julaftan og leverte båten på 14 veker. Til vanleg brukar vi gjerne 25-30 veker på eit tilsvarande oppdrag, fortel han.

Det komande vindskipet som vil få namnet Rem Energy, er første skip til denne marknaden som har reiar, design og byggeverft på Sunnmøre.

Snudde om på produksjonen
For å gjere leveringa raskt og grunna mangel på aluminium, snudde dei om produksjonen og bygde skroget i Norge, i staden for ved fabrikken deira i Polen. Garshol fortel at det var ei utfordring å kome i mål, mellom anna å få utstyr raskt nok frå underleverandørar.

Men dei kom i hamn, og tilbakemeldingane frå reiarlaget i Herøy har vore særs gode.

– Vi har fått vidare leveransar om bord med bysse, davit og mob-båt, fortel Garshol.

Arbeidet med utstyr til Rem Offshore-skipet sikrar dei inntekter for kring ti millionar kroner.

(saka held fram under)

Mare safety brannbåt dc 14 fire fighter 11
TIL KRISTIANSAND: Brannbåtet Mare Safey har under bygging for brann- og redningsvesenet i Kristiansand er den største dei har bygd. Illustrasjon; Mare Safety

Leverer snart rekordstor båt
Sjølv om det ikkje har vore den stabiliteten i marknaden som Mare Safety-sjefen gjerne ønsker seg, er det «bra trykk».

– Vi har ei ganske bra ordrebok med ein del arbeid utover hausten, men det er også periodar med mindre aktivitet og kapasitet til å ta meir. For augneblunken ferdigstiller vi den største båten vi har bygd, ein brannbåt til Kristiansand, fortel Garshol.

Sal av mob-båtar og bysser står før størsteparten av omsetninga. Salet av flåtar og redningsutstyr gjekk ned i fjor, medan segmentet for skipssjukehus auka, viser årsrapporten.

Mykje havvind skjer i utlandet
2020-rekneskapen viser at eksportinntektene gjorde eit byks, frå 11 til 14 millionar kroner i fjor.

Garshol fortel at mange av reiarane og prosjekta i marknaden for skip til vindparkar, held til i utlandet, fordi mykje av utviklinga med havvind skjer der.

– Vi har mellom anna fått ein stor avtale med eit belgisk selskap som bygger i Tyrkia. Vi har også kome inn med levering av bysser både i Spania, Tyrkia og Polen, fortel Mare Safety-sjefen.

Publisert: 01.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 29.10.2021 13:10

Mer om