Mare safety innredning brannbåt foto mare safety 11
LOKALT SAMARBEID: Innreiinga om bord i den nye brannbåten Mare Safety har levert til til Kristiansand, er levert av Rovde Møbel & Design i Vanylven. Dørene kjem frå Libra Plast i Hareid – begge bedrifter med rekordomsetning i fjor. Foto: Mare Safety
Nytt

– Mykje lokale krefter i sving

Mare Safety leverer rekordstor båt og om bord er fleire lokale leverandørar med rekordomsetning.

Marius Rosbach
30.08.2021

Mare Safety har hatt god draghjelp frå ein rekke lokale leverandørar i arbeidet med sin største båt nokon gong.

Den avanserte brann- og redningsbåt av typen Mare DC 14 Fire Fighter, blei nyleg overlevert til brann- og redningsetaten i Kristiansand-regionen.

– Det har også vore mykje lokale krefter i sving for å ferdigstille denne fantastiske båten, uttalar produktsjef Torstein Teigene i ei pressemelding frå Mare Safety.

Sjølv har den Ulstein-baserte bedrifta avdeling på Larsnes i nabo-kommunen Sande, skroget er produsert i Haugsbygda og styrehuset er laga på Eggesbønes i Herøy. Også designbyrået Tegneren i Ulsteinvik har hatt jobben med å lage refleksdekor.

(saka held fram under)

Mare Safety brannbåt foto Mare Safety
STØRSTE FRÅ MARE SAFETY: 14,5 meter lang og 5 meter brei, er båten den største Mare Safety har levert nokon gong. Oppdraget blei sikra for kring eitt år sidan. Foto: Mare Safety

To leverandørar med rekordår i fjor
Dørene kjem frå Libra Plast i Hareid kommune og innreiinga frå Rovde Møbel & Design i Vanylven.

Desse to sistnemnte har begge rapportert om rekordhøg omsetning i fjor.

2020-rekneskapen til Rovde Møbel & Design viser at inntektene held fram å stige og var nær ved å bikke ti millionar. EI omsetning på 9,9 millionar, er ein vekst på nær 30 prosent frå året før (sjå tabell under).

Libra Plast, som i mai fekk inn svenske Lagercrantz Group som eigarar, hadde ei omsetning på 177 millionar i fjor. Lønnsemda var litt svakare, men resultat etter skatt var på solide 14,9 millionar, opplyste selskapet den gong.

Skreddarsydd og 1000 hestekreftar
Den nye brannbåten er skreddarsydd for kunden, mellom anna spesialtilpassa seter for at dykkarar skal ha plass til oksygenflasker på ryggen.

Den 14,5 meter lange og 5 meter breie båten veg 14 tonn, men med 1000 hestekrefter når den ei toppfart på nær 40 knop.

– Vi er særs stolte over det vi har fått til, seier Mare Safety-sjef Are Garshol i meldinga om leveransen.

2020-resultatet til Mare Safety som kom i mai, viste at også båt- og byssebyggarane er på rett kurs økonomisk, med høgare omsetning og betre lønnsemd enn på mange år.

Rovde Møbel & Design
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 9,9 7,7
Driftsresultat 0,5 0,1
Res. før skatt 0,2 0

Publisert: 30.08.2021 15:44

Sist oppdatert: 01.07.2022 12:20

Mer om