Kystvakt skrog langsten september foto marius 33
MYKJE NORSMYKJE NORSK: Ein del spesialutstyr må kjøpast frå utanlandske leverandørar, men om lag 80 prosent kjem frå norske bedrifter. Foto: Marius Rosbach
Nytt

80 prosent av utstyret frå Norge

Ein rekke bedrifter på Nordvestlandet skal levere utstyr til dei nye kystvaktskipa.

Marius Rosbach
06.09.2021

Eit anslag viser at kring 80 prosent av utstyret på dei nye kystvaktskipa som Vard skal bygge, kjem frå norske selskap.

Nokon komplett leverandørliste blir ikkje gitt ut, men ein oversikt viser at det er nærmare 20 lokale leverandørar frå Nordvestlandet om bord.

– Det er veldig kjekt å sjå at både små og store leverandørar har kompetanse og kan levere på pris. Dei leverer også på ekstrakrava som ligg inne, fortel verftsdirektør ved Langsten, Ronny Langset, til NETT NO.

Meir om kva oppdraget betyr for Vard:

Kongsberg mellom dei største
Leverandørane inkluderer alt frå Jets i Hareid, motorfabrikken Nogva ved Søvika, fleire Ulmatec-selskap og metallselskapet Gurskøy i Sande.

– Kongsberg Maritime er mellom dei to-tre største leverandørane om bord. Dei leverer i hovudsak propulsjonsløysingane og generatorsetta, fortel prosjektleiar Roar Gjerde.

Også ålesund-selskapa Bunker Oil, Ålesund Armatur og Tyrholm & Farstad står på lista over dei som har arbeid med leveransen til Forsvarsmateriell, i tillegg til fleire Vard-selskap.

Vard roar gjerde prosjektleiar kystvaktskip foto marius rosbach 11
PROSJEKTLEIAR: Roar Gjerde i Vard er prosjektleiar for eitt av dei største oppdraga verftskonsernet har jobba med. Tre kystvaktskip skal leverast fram til 2024. Foto: Marius Rosbach

Andre krav til sikkerheit
Krav til sikkerheit, dokumentasjon og ein del tekniske løysingar, er litt annleis når det er eit militærskip som skal byggjast.

– Men skipsteknisk skil ikkje fartøyet seg veldig frå andre prosjekt, det er mykje standard sivilt utstyr som kjem om bord også, fortel Gjerde.

Skroget som er slept til Langsten-verftet frå Romania dei siste vekene, er 136,4 meter langt og 21,4 meter breitt. I Romania har dei starta bygginga av dei neste skroga, og det neste kjem ved komande årsskiftet.

Kystvakt skrog langsten foto marius 22
KLARGJERING: Verftsarbeidarane skal i første omgang gjere klart og sikre fartøyet, slik at arbeidet med utrustinga kan ta til. Foto: Marius Rosbach

Har allereie lagt ned mykje jobb
Det første skipet blir etter planen levert neste haust 2022. Deretter skal «Bjørnøya» leverast i 2023, og «Hopen» i 2024.

I denne perioden vil det vere ein plass mellom 400 og 500 arbeidarar i sving på prosjektet. Men fleire tilsette i verftskonsernet har allereie jobba i lengre tid med oppgåva.

– Det har vore mellom 150 og 200 ingeniørar i arbeid undervegs i prosjekteringsfasen, fortel prosjektleiar Gjerde.

Verdien på oppdraget for Vard, var på 5,4 milliardar kroner då avtalen blei kjent i 2018.

Publisert: 06.09.2021 16:19

Sist oppdatert: 06.09.2021 20:50

Mer om