Polyform Are Tafjord Anita Lervik foto Polyform
NY LEIARDUO: Are Tafjord og Anita Lervik utgjer den nye leiarduoen ved Polyform - som høvesvis økonomisjef og dagleg leiar. Dei kjem inn i ei bedrift i medvind. Foto: Polyform
Nytt

Ny leiarduo for 70-åring i kjempeslag

Polyform-produkt finst allereie over heile verda. Ny leiing trur på vekst i offshore.

Marius Rosbach
19.06.2025

Polyform er store på produksjon av blåser og fenderar til ulike marknader. Dei lagar også større hardskalprodukt av PE-plast. 

I løpet av våren har Ålesund-bedrifta fått på plass ny leiing etter at mangeårig sjef Vidar Aasestrand blei pensjonist. 

Anita Lervik heiter den nye daglege leiaren ved bedrifta som held til på Blindheim. No har ho vore i jobben i kring to månader. 

– Det er ikkje så mange slike produksjonsbedrifter igjen i regionen, og vi gjer alt frå A til Å innomhus, seier ho til Nett No. 

– Det er nytt for meg, og eg ser verdien av å kunne følgje heile verdikjeda, legg ho til. 

Polyform ny hall eksteriør foto marius
STORE EININGAR: Offshore- og havvindmarknaden har vore vekstområde for Blindheim-bedrifta dei siste åra. Nokre av dei største produkta går til desse segmenta. Foto: Marius Rosbach

– Nytt å leie heile verksemda frå A til Å
Etter at Polyform opna ny produksjonshall i fjor, har kapasiteten auka betydeleg. 

– For min del er det også noko nytt å leie heile verksemda frå A til Å, seier Lervik vidare. 

Ho har vore i ulike leiarstillingar i større selskap tidlegare, og kjem no sist frå Kongsberg Maritime. Ho fortel at det er ein overgang frå å vere ei mindre brikke i eit større system. 

Den nye Polyform-sjefen har fått med seg Are Tafjord som ny økonomisjef. Også han kjem frå Kongsberg Maritime, og har tidlegare erfaring frå EY. 

– «All time high» i fjor
Den nye leiarduoen kjem inn i ei bedrift i medvind og som har sett stadig nye rekordar dei siste åra.

Siste eksempel er 2024-resultatet som Nett No fortalde tidlegare i veka.

– Vi hadde «all time high» i fjor. Og per no ser vi ut til å levere på dei målsettingane vi sette oss for året, seier Lervik.

Trur på vekst i offshore
Bedrifta starta å snuse på offshoremarknaden for kring fem år sidan, og no har den nye Polyform-sjefen trua på meir aktivitet her. 

– Vi har eit håp for offshore, og det er i den retninga vi ser på moglegheitene for vekst, seier Lervik. 

– Samtidig har vi tradisjonsprodukt som vi leverer til marknader der vi er sterke. Fritidsmarknaden, fiskeri og havbruk er trygge og solide område der vi satsar vidare, og skal halde posisjonen, legg ho til. 

Polyform smartbøye foto marius
SMARTBØYE: Bøyer og blåser utstyrt med elektroniske sensorer, som denne til Smartocean, er blitt ein trend i flere marknader for Polyform. Foto: Marius Rosbach

Aukar den internasjonale satsinga
I fjor kunne Polyform fortelje at dei hadde forventingar til vekst på fritidsbåtsegmentet i USA etter å ha sikra seg amerikanske West Marine som ny kunde.

Sidan president Trump kom til makta, har det oppstått stor usikkerheit kring eksporten til den amerikanske marknaden. Det er noko av årsaka til at USA ikkje står øvst på agendaen hos Polyform for augneblinken. 

No satsar Ålesund-bedrifta vidare i Asia, der dei ser potensiale både innan fritidsbåt- og fiskerisegmenta. 

– Sjølv om det er stor produksjon av slike produkt i Asia, er det ein tydeleg etterspurnad etter blåser og båtfendarar av høgare kvalitet, fortel Lervik. 

Havbruk er også ein viktig marknad for Ålesund-selskapet. I tillegg til stor aktivitet i Noreg, opplever dei at løysingane deira er meir etterspurt internasjonalt. 

– Det gjer at det går stadig fleire conteinarar med stor fortøyingsbøyer ut frå fabrikken på Blindheim, både til Europa og Nord Amerika, legg ho til. 

Les meir om Polyform

Feirar 70-årsjubileum på seinsommaren
På seinsommaren er det planlagt markering av 70-årsjubileumet for Polyform. 

Det heile starta med gründerane Knut Beyer-Olsen og Otto Steffensen, som i 1955 laga verdas første luftfylte garnblåse i plast. 

I dag eksporterer bedrifta til kring 70 land. Og dei fleste har sett eit Polyform-produkt, kanskje utan å vite det. 

I samband med jubileet blir det også utgitt ei oppdatert utgåve av boka som den lokale forfattaren Runar Risvik, laga då bedrifta vart 60 år. 

Polyform rotasjonspresse NN foto Marius 11
AVANSERT PRODUKSJON: Produksjonssjef Morten Tvervåg viste fram Nord-Europa største rotomaskin då Polyform opna sin nye produksjonshall i fjor. Foto: Marius Rosbach

Opplever låg «turnover» 
Anita Lervik fortel at Polyform no er oppe i 80 tilsette. Sjølv i ein stram arbeidsmarknad opplever bedrifta at rekrutteringa går greitt. 

– Vi treng arbeidskraft som kan vere fysisk til stades for å styre produksjonen. Samtidig har vi  låg «turnover» og det verkar som at folk trivast. Vi har mange som har jobba her i 20-30 år, fortel ho. 

Nett No har tidlegare skrive om Polyform-tilsette som tek fagbrev på jobben. Dette arbeidet og inntak av lærlingar er framleis viktig, påpeiker Lervik. 

Michael Olsson Engstromgruppen polyform foto marius 11
VIL GJERNE INVESTERE MEIR I NORDVEST: Ernströmgruppen som Michael Olsson er styreleiar for har Polyform-eigarar sidan 2017. Svensken fortalde til Nett No i fjor at dei gjerne ville investere meir i regionen. Foto: Marius Rosbach

Langsiktige svenske eigarar
Svenske Ernströmgruppen har vore Polyform sine eigarar sidan 2017. Dei er eit familieeigd investeringsselskap med røter tilbake til 1918, og har fleire enn 40 selskap i konsernet. 

Styreleiar Michael Olsson fortalde Nett No i fjor at dei er langsiktige eigarar og jobbar etter ein desentralisert modell der selskapa held fram som sjølvstendige aktørar.

Ernströmgruppen har vore svært aktive på oppkjøpsfronten dei siste åra, og Olsson stadfesta at Nordvestlandet er ein region dei er godt merksame på.

– Vi gjer gjerne meir investeringar i nærområdet her, sa han under opninga av den nye produksjonshallen i fjor. 

Publisert: 19.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 18.06.2025 20:45

Mer om