Future of the fjords foto Brødrene Aa
MINUSÅR. Fallande driftsinntekter og for lite lønsame kontraktar har gjort dei siste åra tøffe for hurtigbåtbyggjarane ved Hyen-fjorden. Arkivfoto: Brødrene Aa
Nytt

Ny millionsmell for Brødrene Aa

Tunge år for hurtigbåtverftet i Hyen. Varslar minusresultat også i 2022.

16.08.2022

Både underkonsernet Brødrene Aa og hovudkonsernet Brødrene Aa Eiendom har gått med tosifra underskot dei to siste åra. For hovudkonsernet enda det samla resultatet før skatt for 2020 og 2021 på 75 millionar kroner.

Brødrene Aa har hovudkontor og produksjonsanlegg i Hyen og produksjonsanlegg i Eikefjord i Sunnfjord. I tillegg har Brødrene Aa eit samarbeid med eit kinesisk hurtigbåtverft gjennom sitt kinesiske datterselskap.

I 2018 hadde hovudkonsernet 545 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 19 millionar kroner.

Fallet i driftsinntekter etterpå (sjå tabell) har vore så stort at konsernet ikkje greidd å kutte kostnadane tilsvarande, ifølgje årsmeldinga.

Koronastopp
Koronapandemien og smitteverntiltaka mot den har svekka etterspørselen etter transporttenester, og det er ei medverkande årsak til fallet i driftsinntektene.

Brødrene Aa erkjenner og i årsmelding at selskapet har hatt fleire kontrakter med for dårleg inntening og skriv at det blir arbeidd både med å auke prisane og kutte kostnadar.

Også i år venter Brødrene Aa minusresultat, men også ein sterk auke i aktiviteten utover hausten.

Kinesisk partnar
Brødrene Aa Eiendom er eigd av fleire medlemer av Aa-familien.

Brødrene Aa, der storparten av drifta foregår, er eigd 59,3 prosent av Brødrene Aa Eiendom og 40,7 prosent av CKS Investment (Norway) as. CKS Investment er eigd av det kinesiske selskapet Yuet Hing Marine Supplies Company L.

Brødrene Aa-konsernet leverte fem hurtigbåtar frå Noreg i fjor og ein frå sitt kinesiske samarbeidsverft. I år er fire båtar levert frå Noreg og ein sightseeingskatamaran til Brim Explorer skal leverast i september.

I tillegg har Brødrene Aa fire nye kontraktar i ordrebopka, der arbeidet på kontraktane startar i haust.

Frå og med hausten 2022 vil verksemda ha ordrar som sikrar høg sysselsetting til september 2023 og forventar vidare at det vil vere stor aktivitet i perioden 2023-2027, heiter det i årsmeldinga.

Brødrene Aa Eiendom as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt296,0344,1
Driftsresultat-41,0-35,1
Resultat før skatt-42,5-33,1
Brødrene Aa as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt292,7340,0
Driftsresultat-49,3-39,6
Resultat før skatt-49,9-40,0

Publisert: 16.08.2022 11:42

Sist oppdatert: 16.08.2022 22:48

Mer om