Ferje hurtigbåt fjord1 foto marius
ULIKT TEMPO: I ferjesektoren gjer elektrifisering at nullutslepp er innafor rekkevidde. For hurtigbåtar og andre båttypar er utfordringane større, men i mange segment kan utsleppa kuttast betydeleg med dagens teknologi. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Dei små skritta er også verdt å ta

Når gode ønske om nullutslepp fører til auka utslepp og truar verftsarbeidsplassar, er ein truleg ute av kurs.

Marius Rosbach
30.01.2022

ANALYSE:

Denne veka fortalde verftsdirektør Tor Øyvin Aa hos Brødrene Aa NETT NO om ein frustrasjon han, og fleire i den maritime industrien kjenner på.

I tillegg til at verftet har opplevd totalsvikt i fleire marknader som følgje av pandemien, er fylkeskommunale satsingar på nye hurtigbåtar med nullutslepp sett på vent. Årsaka er usikkerheit kring kven som skal ta rekninga.

Verftsdirektøren hadde ønska at fornyingsprosessen med hurtigbåtane gjekk raskare. I staden for at offentlege oppdrag kunne vore til hjelp i ei vanskeleg periode no, kjem det truleg ein «ketchupeffekt» om få år.

– Om alle prosjekta som blir diskuterte no skal fornyast, så blir det veldig mange prosjekt på kort tid, la Aa til.

Ein får berre håpe at flest mogleg av dei 35 som misser jobbane sine ved Hyen-verftet, framleis er tilgjengelege for verftet når det blir behov for dei.

I staden for å vente på at teknologien for nullutslepp skal bli god nok, eller rimeleg nok, kunne ein gjort som Brødrene Aa-sjefen føreslår:

– Ein glidande overgang med premiering av stadig lågare utslepp.

Aa peiker på hybridløysingar med opptil 75 prosent batteridrift, som eitt alternativ for fleire hurtigbåtsamband. Eit slikt val ville gjort at bygginga av fleire nye båtar allereie kunne vore i gong. Og ikkje minst - ein ville snart vore i gong med å redusere utsleppa.

Greitt nok er det ikkje nullutslepp, men samanlikna med å vente enno nokre år, er det eit sjumilssteg å fjerne tre firedeler av utsleppa.

I dag jobbar mellom anna seks konsortium på oppdrag for fleire fylkeskommunar med mål om å utvikle hurtigbåtar med nullutslepp. Men arbeidet tek tid, og først om halvanna år blir designdelen av arbeidet avslutta. Målet er utsleppsfrie hurtigbåtar innan 2030.

Arbeidet med å sende ut anbod på dei lengre hurtigbåtrutene Selje-Bergen og Bergen-Sogn, blei utsett i fjor. Her blir det jobba med å utvikle hydrogendrivne båtar – med mål om å ha ein pilotbåt på sjøen i 2025 eller 2026.

(saka held fram under)

Hurtigbåtar kollage 11
FRAMTIDSLØYSINGAR: Skisser for ulike nye hurtigbåtkonsept frå seks konsortium som konkurrerer om å utvikle hurtigbåtar som blir billegare i drift og utsleppsfrie. Illustrasjon: Eker Design, Transportutvikling, SES-X, ESNA, LMG Marin, Umoe Mandal

At det er eit stort potensiale for utsleppskutt med å ta i bruk dagens teknologi finn vi eksempel på i Barometer for grønn omstilling av skipsfarten. DNV GL-rapporten frå januar 2019 blei laga som grunnlag for den førre regjeringa sin handlingsplan for grøn skipsfart.

Rapporten viste at det allereie då var mogleg å kutte utsleppa med opptil 40 prosent for ein rekke fartøytyper, berre med energieffektivisering og andre grep som var tilgjengeleg. Den kan til eksempel dreie seg om delelektrifisering, innblanding av flytande biogass, eller omlegging av driftsprofil for fartøyet.

Alt frå mindre stykkgodsskip, delar av kystfiskeflåten og cruiseskip kan oppnå ein slik utsleppsreduksjon. Det same gjeld offshore, som i rapporten blir framheva som ein pionerbransje for å drive frem mer energieffektive skip og prøve ut umoden teknologi.

Også andre fartøy som taubåtar, brønnbåtar og arbeidsbåtar i oppdrettsbransjen kunne ifølgje 2019-rapporten kutte betydelege utslepp med hydride løysingar.

Med nokre unntak har likevel flåtefornying mot lågare utslepp gått tregt.

I fiskeflåten har klimautsleppa auka etter 2014. I Klimaveikartet for fiskeflåten som blei oppdatert i fjor, blir det vist til fleire moglege forklaringar.

Manglande prioritering av energieffektive løysingar er ei av desse. Med andre ord at fiskeflåten ikkje har valt, eller klart å ta ut potensialet som dagens teknologi tilbyr.

(saka held fram under)

Nordbas sjøsetting kleven foto nordnes 22
GJENBRUK: Ombygginga Nordnes gjorde på Kleven-verftet med «nye Nordbas» blei eit forskingsprosjekt i seg sjølv. Reiarlaget fekk støtte frå Enova og Nox-fondet.

Kvifor det er slik, er ein annan diskusjon, men Nordnes-reiarlaget er mellom dei som har teke grep med dei moglegheitene som finst.

Reiarlaget på Vigra bestemte seg i 2019 for bygge om ein 41 år gamal fiskebåt. Med ombyggingsprosjektet «Nye Nordbas» på Kleven Verft utforske dei det meste kring gjenbruk og sirkulærøkonomi.

Nordnes venta at dei ville bruke kring 30 prosent mindre drivstoff då «nyeskuta» blei teke i bruk i fjor. Om bord er mellom anna ei batteripakke på 1600 kWt, den største som til då var installert på eit fiskefartøy.

Sjølv om det ikkje er nullutslepp, er det snakk om store forbetringar - og meir enn halvvegs til målet om å halvere utsleppa innan 2030. At det ikkje høyrest like bra ut i politiske festtalar, får heller vere.

Publisert: 30.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 02.02.2022 17:17

Mer om