Ny runde i Stormfuglen-striden
Stormfuglen-eigarane vil ha større erstatning. Meklarselskap meiner dei ikkje har krav på noko.
I mars 2023 vart skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll dømt til å betale høvesvis 14 og tre millionar kroner i erstatning til selskapet Stormfuglen Holding.
Bakgrunnen var salet av fiskebåten Stormfuglen. Stormfuglen Holding er eigd av fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster.
Retten viste til mangelfull rådgiving
Grunnen til at retten meiner Nyvoll/Atlantic Marine skal betale erstatning, var ikkje at prisen var for låg, men mangelfull rådgiving i måten salet vart avtalt gjort på.
Det ville vore skattemessig gunstigare for Stormfuglen Holding å selge aksjane i datterselskapet Stormfuglen - som eigde båt og kvotar - i staden for å selge båt og kvotar direkte, såkalla innmatsal.
Begge partar anka dommen frå Møre Tingrett. Mandag 15. januar startar ankesaka i Frostating Lagmansrett. Det er sett av fem dagar til saka, som blir halden i Ålesund.
Selde seg ut av fiskeri
Utgangspunktet for saka er at fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann i Stormfuglen Holding på Averøy, selde seg ut av fiskeri i 2020.
Kåre Sindre Nyvoll i skipsmeglerselskapet Atlantic Marine i Ålesund fekk oppdraget med å finne kjøpar til båt og kvotar.
Det gjorde han. Kjøparane var ei gruppe fiskebåtreiarar i Herøy, som betalte 320 millioner kroner for båt og kvotar.
I etterkant av salet meinte Strand-søsterne at prisen for båt og kvotar var lågare enn det som kunne vore oppnådd, og at Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll var ansvarleg for det.
Skifta advokat
Atlantic Marine og Kåre Nyvoll var representert av advokatfirmaet Adviso i tingretten. I lagmannsretten er dei representert av advokat Ola Haugen frå Wikborg Rein advokatfirma, med Jørgen Stubberud som rettsleg medhjelpar.
Ifølgje sluttinnlegget, som oppsummerer saka før rettsaka startar, meiner Atlantic Marine/Nyvoll at Stormfuglen Holding gjennomførte handelen etter Strand sine instruksar og at prisen var marknadspris då salet skjedde. Stormfuglen Holding, ved Eva Toril Strand, aksepterte bodet og kan dermed i ettertid ikkje hevde at prisen var for låg og kreve erstatning.
Haugen skriv óg at meklar oppfordra Strand til å engasjere eigne rådgivarar for å vurdere spørsmålet om aksjesal og skatterabatt, og at det er Stormfuglen sitt eige ansvar at handelen til slutt vart gjennomført som eit aksjesal.
95 millionar kroner
Stormfuglen Holding er representert av Ulf Sørdal og Kenneth Sørdal frå advokatfirmaet Sands, akkurat som i tingretten.
Stormfuglen har ikkje presisert kor stor erstatning selskapet meiner å ha krave på, men ber retten fastsette beløpet. I prosedyren i tingretten sa Steffensen at retten burde ta utgangspunkt i eit tap på i underkant av 95 millionar kroner.
Begge partar vil føre fleire vitne i ankesaka - i stor grad dei same som i tingretten - og legge fram døme på skipshandlar som underbyggjer partane sitt syn på om prisen til Stormfuglen var marknadspris eller ei.
Publisert: 04.01.2024 12:54
Sist oppdatert: 04.01.2024 15:23