Skipsteknisk
SKIPSTEKNISK: Den shetlandske trålaren vert 69,6 meter lang, og skal byggjast i Spania. Skisse: Skipsteknisk
Nytt

Ny Skipsteknisk-kontrakt

Skal designe pelagisk trålar til shetlandsk selskap.

19.11.2021

I ei pressemelding frå Zamakona Yards i Bilbao vert det opplyst at verftet har inngått kontrakt med et shetlandske selskapet Fiskebas Fishing Co Ltd om bygging av ein 69,6 meter lang pelagisk trålar.

Den nye trålaren skal erstatte den Lerwick-baserte trålaren Antarctic II.

Kontrakt nummer to
Designet på den nye trålaren er det Ålesund-selskapet Skipsteknisk som står bak. Selskapet designa også Antarctic II for det shetlandske selskapet.

Zamakona Yards opplyser at trålaren vil verte bygt nøkkelferdig ved verftet.

Det vert vist til at trålaren vert innreidd for 14 personar, og vert utrusta med tankar med effektiv vass-sirkulasjon.

Canada-kontraktar
Dette er den tredje designkontrakta til Skipsteknisk på kort tid.

Nyleg offentleggjorde selskapet kontrakt med Baffin Fisheries, eit 100 prosent inuiteigd fiskeriselskap, heimehøyrande i Iqaluit på Baffin Island.

Kontrakten galdt ein fabrikktrålar på 80 meter, og ei breidde på 18 meter, og som vil kunne laste 1320 tonn blåkveite og rundt 930 tonn reker.

Denne fabrikktrålaren skal byggast av Tersan Shipyard i Tyrkia og skal leverast i februar 2024.

Dette var den andre designkontrakta i haust for inuiteigde fiskeriselskap i Canada.

Publisert: 19.11.2021 17:48

Sist oppdatert: 19.11.2021 18:08

Mer om