- Ja, målet er ny produksjon, men detaljar får vi kome tilbake til når alt er klart.
Det seier Magnus Lillestøl bak selskapet Øyralaks, eit selskap som vart starta i mai i år, men ber same namnet som vart brukt av Lillestøl-familien då smoltselskapet vart starta i 1986.
Selskapet vart først seld til Pan Fish, deretter til Villa Organic, før Salmar overtok i 2013.
No er selskapet på nytt på veg tilbake til Lillestøl-familien på Moltu.
Lenge har gått hardnakka rykter om at selskapet var seld til det omstridde russiske selskapet Russian Aquaculture, men til Intrafish seier finansdirektør Trond Tuvstein i Salmar at kjøpar er Øyralaks.
Tuvstein opplyser at årsaka til salet er at Salmar har ein strategi om utbygging av settefiskanlegg, og at Villa Smolt ikkje er ein del av denne strategien.
Anlegget på Moltu har konsesjon på produksjon av fem millionar smolt.
Det seier Magnus Lillestøl bak selskapet Øyralaks, eit selskap som vart starta i mai i år, men ber same namnet som vart brukt av Lillestøl-familien då smoltselskapet vart starta i 1986.
Selskapet vart først seld til Pan Fish, deretter til Villa Organic, før Salmar overtok i 2013.
No er selskapet på nytt på veg tilbake til Lillestøl-familien på Moltu.
Ikkje russisk kjøp
Det var som først opplyste at Salmar hadde seld settefiskanlegget Villa Smolt til nyetablerte Øyralaks.Lenge har gått hardnakka rykter om at selskapet var seld til det omstridde russiske selskapet Russian Aquaculture, men til Intrafish seier finansdirektør Trond Tuvstein i Salmar at kjøpar er Øyralaks.
Tuvstein opplyser at årsaka til salet er at Salmar har ein strategi om utbygging av settefiskanlegg, og at Villa Smolt ikkje er ein del av denne strategien.
Anlegget på Moltu har konsesjon på produksjon av fem millionar smolt.
Publisert: 07.07.2017 16:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12






