Ny statsråd døypte nytt kystvaktskip
Fiskeri- og havministeren sitt første oppdrag på Nordvestlandet. Døypte skip spekka med norsk utstyr.
Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) starta nyleg i jobben, og var onsdag på sitt første offisielle oppdrag på Nordvestlandet. Det var som gudmor for det splitter nye kystvaktskipet KV Bjørnøya ved Vard Langsten i Tomrefjorden.
Til stades under seremonien var mellom anna toppsjef i Vard, Alberto Maestrini, og sjefen for sjøforsvaret, kontreadmiral Oliver Berdal.
Fartøyet er det andre i rekka av tre skip som verftskonsernet skal bygge til det norske forsvaret.
Kjem for å opne verftskonferansen
Den ferske Ap-statsråden hadde ikkje fått sett seg inn i korleis det låg an med å utarbeide anbod på offentlege oppdrag, som i større grad skal sørge for at det blir bygd skip ved norske verft.
Som fiskeri- og havministeren vil ho mellom anna ha ansvaret for politikken for verfta og maritim industri. Myrseth påpeiker at det vil vere eit sentralt område for henne å sette seg inn i framover.
– At vi framleis skal byggje ved norske verft er viktig for denne regjeringa, påpeika ho til NETT NO.
Det er også noko av årsaka til ho kjem til Ålesund for å opne verftskonferansen neste veke.
Prosjektleiaren: – Vi er i rute
Verdien på oppdraget med alle tre kystvaktskipa er på 5,4 milliardar kroner for Vard. Heile prislappen for dei tre skipa er på 7,2 milliardar kroner, og er mellom dei største maritime innkjøpa det norske forsvaret har gjort nokon gong.
– Vi er i rute og båt nummer tre skal leverast ved slutten av første kvartal i 2024, fortel prosjektleiar Roar Gjerde i Vard til NETT NO.
No har verftet mellom 300 og 400 tilsette som er i arbeid på kystvaktskipa. Dei er over «høgdepunktet» for tida med mest aktivitet, og framover vil arbeidsstokken på desse prosjekta bli trappa ned.
Betydeleg utstyr frå Nordvestlandet
Ein god del av utstyret om bord i skipet kjem frå leverandørar på Nordvestlandet. På skutesida heng det mob-båtar frå Maritime Partner i Ålesund og på akterdekket står ei stor kran frå Seaonics.
Kongsberg Maritime har levert sonarar om bord, og inne i skipet er eit velutstyrt skipssjukehus mellom anna med utstyr frå Shipmed i Ålesund. Lang skutesida er det også ventilar frå Roger Gjerde i Gjerdsvika.
– Om lag 80 prosent av verdien på utstyret er kjøpt frå norske leverandørar, seier Gjerde.
Fakta om Jan Mayen-klassen
- Lengde overalt(LOA): 136,40 m
- Bredde: 22,00 m
- Dypgående: 6,20 m
- Fart over 22 knop
- Isforsterket (Polar Class 6) Dette betyr at fartøyet kan operere i førsteårsis med innblanding av flerårsis
- Sjøgående egenskaper med evne til å utføre alle operasjoner til og med sjø 5 (2,5 til 4 meters gjennomsnittlige bølger)
- Utholdenhet 8 uker med normal driftsprofil
- Forlegge inntil 100 personer
- CBRN beskyttelse
- Containerkapasitet på dekk
- Slepekapasitet
- To hurtiggående mann-overbord båter
- Hospitere to båter for bordingsoperasjoner/spesialoperasjoner
- Helikopterkapasitet (helikopterdekk dimensjonert for å lande med AW-101)
- Oljevernkapasitet
- Militært taktisk ledelsessystem (TMS) og luftkontrollradar/ helikopterkontrollkapasitet
- Militære kommunikasjonssystemer
- Enkel bevæpning (57mm kanon og mitraljøser)
- Sensorer
KILDE: Regjeringen.no
Publisert: 01.11.2023 12:58
Sist oppdatert: 01.11.2023 14:18