Kystvaktskipa klargjerast på Ulstein
Kjempeoppdraget sprenger dokk-kapasiteten til Vard. Gir arbeid til fleire.
Vard har som kjent sikra seg oppdraget med å bygge tre kystvaktskip, og er i desse dagar i sluttfasa med klargjere det første skipet KV Jan Mayen. Dei siste detaljane blir gjort i dokkhallen til Ulstein Verft.
- Alle tre kystvaktfartøya skal i dokk før levering for reingjering, utsjekk og nokre mindre justeringar, opplyser kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO.
Har ikkje plass i eigen dokk
Årsaka til at arbeidet gjerast ved Ulstein-verftet, er at Vard ikkje har plass til å ta hand om skipa på eigne verft.
- Vard har ikkje eigen dokk-kapasitet til desse fartøya, og har difor gjort ein avtale med Ulstein i forbindelse med denne jobben, fortel Akselvoll.
Ifølgje kommunikasjonssjefen vil skipa bli liggande i dokk ved Ulstein Verft i tre til fem dagar for desse oppdraga.
Vikebladet meldte måndag at det nye kystvaktskipet var på plass i dokkhallen til Ulstei. Då hadde milliardskipet blitt slept frå Langsten-verftet i Tomrefjorden til Ulsteinvik av KV Sortland.
Fekk fart på inntektene
Verdien på oppdraget for Vard er på 5,4 milliardar kroner. Heile prislappen for dei tre skipa er på 7,2 milliardar kroner, og er mellom dei største maritime innkjøpa det norske forsvaret har gjort.
Oppdraget viste også igjen i rekneskapane til Vard-eigar Fincantieri mot slutten av fjoråret. Bygginga av dei militæra skipa medverka til å nær doble driftsinntektene til forretningsområde offshore- og spesialskip konsernet.
Siste skip leverast neste år
KV Jan Mayen vart døypt allereie i november i fjor, men hadde då ikkje fått installert det militære utstyret om bord.
Forsvaret har tidlegare opplyst at det nye kystvaktskipet skulle gjennom testseglas, innkøyring, testing og opplæring av besetninga, før fartøyet skulle takast i bruk i andre kvartal.
Det andre skipet i Jan Mayen-klassen, KV Bjørnøya, skal etter planen bli overlevert i midten av 2023.
Skroget til det siste av de tre skipa, KV Hopen, vart slept frå Vard sitt verft i Romania, og kom til Langsten-verftet i slutten av januar. Skipet skal etter planen leverast neste år.
Les også
I sluttfase med vindskip ved Søviknes og Brattvåg
I tillegg til Langsten som er opptekne med kystvaktskipa, har Vard-konsernet Søviknes og Brattvåg-verftet på Nordvestlandet.
Ved Søviknes er dei i ferd med å sluttføre havvindskipet Rem Power til Rem Offshore, samtidig som dei første av fleire fleirbruksfartøy til Ocean Infinity.
Ved Vard Brattvåg kom vindskipet Norwind Gale til verftet i januar. Det skal leverast til Ålesund-reiarlaget Norwind Offshore i løpet av våren.
Publisert: 07.03.2023 05:00
Sist oppdatert: 07.03.2023 00:43