Trur ikkje skipsbrann forseinkar levering
Hell i uhell då det starta å brenne om bord i kystvaktskip under bygging.
Skipsbrannen som braut ut ved Vard Langsten-verftet fredag får truleg ikkje større konsekvensar for milliardoppdraget.
Det var like før klokka 09.30 at det starta å brenne i batterirommet om bord i kystvaktskipet KV Hopen. Store ressursar frå naudetatane rykka ut og fekk raskt kontroll over brannen.
– Vi vurderer at brannen ikkje vil føre til noko utsetting når det gjeld levering av skipet, fortel kommunikasjonssjef Anne-Bente Skjellum til NETT NO.
Batteribrannar kan vere vanskeleg å sløkke og situasjonen kunne utan tvil enda langt verre.
Arbeidet i gong att
Alle dei 320 tilsette ved verftet blei evakuert, men allereie etter kort tid var arbeidet i gong att.
Ingen personar er meldt skadd etter brannen, men to personar blei sjekka av helsepersonell etter å ha fått i seg røyk.
Det brannråka skipet er det tredje i rekka av same type kystvaktskip verftskonsernet har under bygging.
Det første kystvaktskipet, KV Jan Mayen, er allereie overlevert til forsvaret, sjølv om det framleis ligg ved verftet.
Ber inn til dåp neste veke
Neste veke blir det invitert inn til dåp av skip nummer to, KV Bjørnøya, som skal døypast onsdag.
Gudmor for skipet blir den nybakte fiskeri- og havministeren, Cecilie Myrseth. Også toppsjefen i Sjøforsvaret, kontreadmiral Oliver Berdal, og Vard-sjef Alberto Maestrini, deltek under dåpen.
Verdien på oppdraget med tre kystvaktskip for Vard er på 5,4 milliardar kroner. Heile prislappen for dei tre skipa er på 7,2 milliardar kroner, og er mellom dei største maritime innkjøpa det norske forsvaret har gjort nokon gong.
Publisert: 27.10.2023 15:16
Sist oppdatert: 27.10.2023 15:28