Ny tommel ned for Hofseths milliardplanar
Statsforvaltaren protesterer framleis mot oppdrett i fjellhallar i Storfjorden.
Roger Hofseth sine planar om landbasert oppdrett i Raudbergvika i Storfjord, møter framleis motstand hos statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Statsforvaltaren opplyser at dei har vurdert den revidert reguleringsplanen som Fjord kommune har ute på høyring – og vil oppretthalde motsegn på fleire punkt, ifølgje ei pressemelding fredag.
– For stor konflikt med verdsarven
Det gjeld konflikt med verdsarv, forureining, manglande vurdering av alternativ plassering og utilfredsstillande avklaring av korleis dei utsprengde massane skal disponerast.
– Vi konkluderer med at prosjektet er i for stor konflikt med verdsarven Vestlandsk fjordlandskap. Planane gir også ein for stor usikkerheit for langtidsverknader for økosystema i Storfjorden. Og, vi argumenterer for at ei anna lokalisering må bli vurdert, uttaler underdirektør Ulf Lucasen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i meldinga.
Fylke også skeptisk til verdsarven
Det er sjølve lokasjonen som Statsforvaltaren ser størst problem med. Planområdet ligg delvis innafor Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og verdsarvområdet Vestlandsk fjordlandskap.
NETT NO omtala tidlegare i veka at administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune heldt oppe sin protest når det gjaldt forholdet til verdsarvområdet. Dei hadde snudd i synet på konsekvensar for vasskvaliteten, kom det fram av saksutgreiinga til fylkesutvalet komande månag.
Mellom anna støttar dei seg på ei vurdering frå Marine Prospect som meiner at utsleppa tidlegare har vore overvurdert, og at det reelle utsleppet er langt lågare enn tidlegare anslått.
Vil nytte føre-var-prinsippet
Ifølgje Lucasen hos statsforvaltaren er samla utslepp av nitrogen frå oppdrett i fjorden på 662 tonn årleg, og i tillegg vil det landbaserte anlegget vil sleppe ut minst 3862 tonn nitrogen årleg.
– Langtidseffektane av eit så stort utslepp kan bli store for livet i Storfjorden. Vi legg difor vekt på føre-var-prinsippet slik det er lovfesta i naturmangfaldlova, uttaler Lucasen.
Reguleringsplanen for området har no vore ute på høyring for tredje gong. Om den kjem på plass, vil saka gå til sektorstyresmaktene. Mattilsynet skal vurdere saka etter matlova, og statsforvaltaren skal vurdere utsleppsløyve etter forureiningslova.
Publisert: 26.01.2024 14:27
Sist oppdatert: 26.01.2024 14:27