Roger hofseth raudbergvika 11
STORFJORDEN: Inne i dei nedlagde olivingruvene i Storfjorden vil Roger Hofseth satse på landbasert oppdrett. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tar stilling til Hofseths milliardplanar

Fylkesadministrasjonen vil trekke éin protest, men er framleis uroa for verdsarven.

Marius Rosbach
24.01.2024

Komande måndag skal fylkesutvalet i Møre og Romsdal behandle reguleringssaka om etablering av eit landbasert oppdrettsanlegg i dei nedlagde gruvene på Raudbergvika.

Roger Hofseth og selskapet World Heritage Salmon har planar om å investere store summar i Storfjorden, og bygge det som kan bli eitt av dei største landbaserte oppdrettsanlegga i verda.

Tidlegare har fylkeskommunen både vore uroa for vasskvaliteten i Storfjorden og forholdet til verdsarvområdet i Geiranger – og lagt inn motsegn på desse punkta.

Har snudd om vasskvaliteten
Fjord kommune hadde saka oppe til behandling på slutten av fjoråret, og bad om at motsegnene blei trekt.

I sakspapira til møtet i fylkesutvalet går det fram at administrasjonen har snudd i synet på vasskvaliteten, som følgje av ny informasjon om utsleppa. Ut frå ei samla vurdering meiner administrasjonen no at det er svært liten risiko for redusert miljøkvalitet i fjorden.

Mellom anna støttar dei seg på ei vurdering frå Marine Prospect som meiner at utsleppa tidlegare har vore overvurdert, og at det reelle utsleppet er langt lågare enn tidlegare anslått.

Raudbergvika oppdrett storfjord illustrasjon Moldskred 11
STORE PLANAR: Slik kan anlegget til World Heritage Salmon ved Raudbergvika bli sjåande ut frå utsida. Før ei endeleg godkjenning er på plass, skal fleire etatar og institusjonar seie si meining. Illustrasjon: Moldskred

– Vil sette verdsarvstatusen på spel
Når det gjeld forholdet til verdsarvområdet i Geiranger, er administrasjonen framleis uroa – og held fast på sin protest.

– Etableringa av eit slikt omfattande anlegg vil sette verdsarvstatusen på spel, skriv administrasjonen i sakspapira.

Ei konsekvensutgreiing frå Cowi viser at tiltaket i all hovudsak vil føre til ein negativ påverknad for verdsarven og betydeleg miljøskade.

Unesco – FN-organisasjonen som handterer verdsarvspørsmål – skriv i eit brev at dei er uroa for utviklinga, og vil haldast informasjon vidare.

Avhengig av fleire godkjenningar
Det er likevel eit stykke fram til ein godkjent konsesjon for å drive oppdrett.

Fiskeridirektoratet ga i fjor grønt lys, medan NVE og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har protestert.

I denne omgang gjeld spørsmålet reguleringsplanen for området. Planane har no vore ute på høyring for tredje gong. Om reguleringa kjem på plass, vil saka gå til sektorstyresmaktene.

Mattilsynet skal vurdere saka etter matlova, og statsforvaltaren skal vurdere utsleppsløyve etter forureiningslova.

Sjølve oppdrettsanlegget skal plasserast inne i fjellet der det er planlagt 15 store hallar på 400 meter. Målet på sikt er ein produksjon på kring 100.000 tonn årleg når alt er ferdig utbygd.

Publisert: 24.01.2024 09:59

Sist oppdatert: 24.01.2024 10:00

Mer om