Nyboe Det var paa tide aa opne daa vi gjorde
KORONAUTBROT: Fleire personar er koronasmittet på ekspedisjonsskipet Roald Amundsen fra Hurtigruten. Næringsminister Iselin Nybø (innfelt) meiner likevel at det ikkje var for tidleg å opne for cruisereiser. 
Nytt

Nybø: – Det var på tide å opne då vi gjorde

Næringsministeren forsvarar åpninga for reiselivet.

05.08.2020
(NPK-NTB): Trass i smitteutbrotet på Hurtigruten var det ikkje for tidleg å opne opp for reiselivet i Noreg, meiner næringsminister Iselin Nybø (V).
– Det var på tide å opne då vi gjorde. Det som har skjedd på Hurtigruten, er ikkje bra, men vi kan ikkje på bakgrunn av den hendinga seie at reiselivet ikkje burde fått opne opp, seier Nybø til NTB.
Nybø er onsdag på Svalbard der ho har møtt ei rekke bedrifter for å diskutere vegen vidare for reiselivet på øya, mellom dei Hurtigruten.
– Smitteutbrotet er tema her oppe, det er klart. Eg har hatt eit møte med Hurtigruten Svalbard, og dei er tydelege på at det er ei lei sak som dei ønskjer å rydde opp i, seier ho.

Tydelege retningslinjer

Næringsministeren karakteriserer utbrotet på Hurtigruten som veldig uheldig.
– Men dei fleste av oss som har vore på reise i det langstrekte landet vårt, har heldigvis tatt omsyn til det regelverket som er, og er friske og raske, seier ho.
Nybø meiner det ikkje er grunnlag no for å seie at retningslinjene var for uklare og understrekar at bransjen var med på å forme dei.
– Det kan godt vere at det er grunnlag for å gjere endringar, men bransjen har teke mykje initiativ og jobba tett med helsestyresmaktene, seier ho.
Helsestyresmaktene skal no vurdere om retningslinjene har vorte følgde, ifølgje Nybø.
– Men det er på det reine at Hurtigruten ikkje har handtert dette så godt som dei burde, det har dei vel òg sagt sjølv, seier ho.

Har sett helseministeren i forlegenheit

Professor Tor W. Andreassen i marknadsføring og innovasjon ved Noregs handelshøgskole meiner at smitteutbrotet er særleg dårleg for Hurtigrutens omdømme, sidan selskapet har vore ein av pådrivarane for å få styresmaktene til å opne opp.
Dette påpeika òg helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen om smitta måndag.
– Dei bringar helseministeren i forlegenheit, og det er jo det siste du skal gjere. Helseministeren vart tvinga til å agere, seier Andreassen.

Skaper bølgjer internasjonalt

Utbrotet har òg fått konsekvensar internasjonalt. Dei to største cruisereiarlaga i verda, Carnival og Royal Caribbean Cruises fall begge tungt på dei amerikanske børsane måndag. Forklaringa er fleire nye smitteutbrot blant tilsette på europeiske cruisereiarlag, der 36 av 54 smitta er tilsette på Hurtigruten, skriv /Aftenposten.
– Aksjane stuper fordi investorane mistar tillit til næringa. Dei trur inntektsgrunnlaget blir borte, og eg trur dei har rett i det, seier Andreassen til NTB.
Årsaka er at kundane ikkje har tillit at dei er trygge om bord i skipa, meiner han.
Dessutan har fleire store nyheitsbyrå, som AP og Reuters, dekt utbrotet fyldig. Sakene har dermed hamna i medium som og .

Eit selskap for solskinsdagar

Professoren meiner Hurtigruten har verka overraskande lite førebudd på krisa.
– Det verkar som at det har kollapsa rundt leiinga. Dei har vore veldrive i kvardagen og designa for solskinsdagar, men når det byrjar å tore og drønne rundt dei, blir alle paralyserte. Dårlege rutinar kjem til overflata.
Cruisenæringa har fått seg eit skot for baugen, og Andreassen spår at fleire selskap vil gå konkurs. På lang sikt vil likevel næringa klare seg, meiner han.
– Så lenge jorda føder pensjonistar, vil det vere ein etterspurnad, seier Andreassen.
(©NPK)
Vi kan ikkje på bakgrunn av den hendinga seie at reiselivet ikkje burde fått opne opp

Publisert: 05.08.2020 17:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00