Dei to selskapa opplever nye botnrekordar på Oslo Børs fredag, og papirformuen til hovedaksjonærane stuper.
Medan totalindeksen går opp nesten to prosent, og oljeprisen stig med 0,87 % frå i går, sender aksjonærane verdien kraftig ned på dei to børsnoterte sunnmørs-selskapa.
Verst går det ut over Havila Shipping-aksjen som fredag ettermiddag vert handla til 3,92 kroner aksjen. Dette er 'all time low' med god margin, og ned 8,84 prosent frå sluttkurs torsdag.
Ein børskurs på 3,92 kroner aksjen prisar heile selskapet til 182 millionar kroner.
Havila Shipping har ei renteberande gjeld på 5,7 milliardar kroner, og har låneavdrag på 1,3 milliardar kroner neste år.
Det store børsfallet kan tyde på at marknaden fryktar ein emisjon.
Ein så lav børskurs prisar Farstad Shipping til 481 millionar kroner.
Det er knytt stor spenning til tredje kvartals-raporten til Farstad Shipping, som kjem 10. november.
Også DOF-aksjen fell kraftig på børsen, medan det er små endringar for dei andre offshoreselskapa.
Aksjekursen til Dolphin Group stuper heile 37 % fredag ettermiddag.
Medan totalindeksen går opp nesten to prosent, og oljeprisen stig med 0,87 % frå i går, sender aksjonærane verdien kraftig ned på dei to børsnoterte sunnmørs-selskapa.
Verst går det ut over Havila Shipping-aksjen som fredag ettermiddag vert handla til 3,92 kroner aksjen. Dette er 'all time low' med god margin, og ned 8,84 prosent frå sluttkurs torsdag.
Ein børskurs på 3,92 kroner aksjen prisar heile selskapet til 182 millionar kroner.
Gjeldsforhandlingar
Verdien har stupt etter at selskapet la fram kvartalstal onsdag, og samstundes offentleggjorde at det vart forhandla med kreditorar om korleis ein skal handtere gjelda.Havila Shipping har ei renteberande gjeld på 5,7 milliardar kroner, og har låneavdrag på 1,3 milliardar kroner neste år.
Det store børsfallet kan tyde på at marknaden fryktar ein emisjon.
Spenning
Farstad Shipping-aksjen er ned 3,5 % fredag ettermiddag, og vert handla til 13,35 kroner aksjen. Det er også ny botnnotering.Ein så lav børskurs prisar Farstad Shipping til 481 millionar kroner.
Det er knytt stor spenning til tredje kvartals-raporten til Farstad Shipping, som kjem 10. november.
Også DOF-aksjen fell kraftig på børsen, medan det er små endringar for dei andre offshoreselskapa.
Dolphin-stup
Størst fall har seismikk-aktøren Dolphin Group etter at selskapet fredag offentleggjorde at kontraktane med Sanco-skipa Sword og Swift var terminert.Aksjekursen til Dolphin Group stuper heile 37 % fredag ettermiddag.
Publisert: 23.10.2015 15:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48