Vestbas
FOSNAVÅG: Vestbas blei lagt ut for sal i vår. Topas Kystfiske frå Valderøya, Skår Senior frå Herøy og Segla Fiskebåtrederi på Senja blir nye eigarar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Nye eigarar for Vestbas

Trio frå Herøy, Valderøya og Senja har gått saman om å kjøpe båt og kvoter.

Marius Rosbach
08.12.2022

No er det klart at dei nye eigarane av fiskebåten Vestbas blir en trio beståande av Topas Kystfiske frå Valderøya, Skår Senior frå Herøy og Segla Fiskebåtrederi på Senja. Reint praktisk kjøper dei tre samarbeidspartnarane selskapet Vestbas As, og delar det mellom seg i ein fisjon.

- Vi gjer dette i lag og har gått inn med om lag same innsats, fortel Arild Gjøsund i Topas Kystfiske til NETT NO.

Partane er samde om å ikkje opplyse kjøpesummen.

Topas skal ha båten
Det var i april det vart kjent at Tor Frantsen og Nils Frantsen hadde planar om å selje. Meklaren kunne allereie då opplyse at det var kome inn eit bod på 400 millionar kroner.

Det følgjer med kvoter på 2400 tonn med NVG-sild, 1200 tonn makrell og nordsjøsild, i tillegg til kring 400 tonn nordsjøsild, 500 tonn sei og 200 tonn torsk.

- Segla og Skår skal ha noko kvote, og Topas skal ha noko kvote og båtar, fortel Gjøsund.

Startar fiske på nyåret
Vestbas er ein kombinert kystnot -, snurrevad- og trålar med RSW-tanker på 375 kubikkmeter. Den er 34,0 meter lang, 9,5 meter brei og vart bygt ved Stadyard på Raudeberg i 2010.

Per i dag er den inne til klassing ved Vegsund Slip og planen er å kome ut på fiske innan utgangen av januar.

Ein del av mannskapet blir med vidare, medan nokre har fått nye jobbar, fortel Gjøsund.

Båten skal ha 14 personar om bord fordelt på to skift.

Nytt samarbeid
Gjøsund som er dagleg leiar, eigar og styreleiar i Topas Kystfiske fortel at det er første gong trioen inngår samarbeid, og at kontakta kom i stand via meklar.

Valderøya-reiarlaget har også med Jonny Sæterbø og Jørn Valderhaug som eigarar.

Syskena Roy og Janita Skår er største eigarar i Herøy-reiarlaget Skår Senior, medan syskenbarnet Jan-Arve Drabløs eig ti prosent i reiarlaget frå Kvalsvika.

Segla Fiskebåtrederi på Senja har snurrevadbåten Segla bygd ved Porsgrunn Mekaniske Verksted i 2003. Sigvald Oddmund Berntsen er største eigar i reiarlaget, som óg har familieselskapet Brødrene Karlsen Holding på eigarsida.

Publisert: 08.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 08.12.2022 07:52

Mer om