Senior skår innfelt lyng skår foto stadyard privat 11
NORSK: Verftsdirektør Agnar Lyng (t.v.) rosar Roy Skår for å satse norsk ved bygging av nye Skår Senior. Lyng etterlyser at fleire reiarar gjer som Skår. Foto: Stadyard
Nytt

- Ikkje gitt at det finst mange norske verft om nokre år

Verftsdirektør ber norske aktørar tenke seg grundig om før dei byggjer i utlandet. Reiar er sjeleglad for at han satsa norsk.

19.03.2022

- For mange norske fiskebåtar og offentlege fartøy vert no bygde i utlandet, som ved Tersan i Tyrkia og Karstensens Skibsværft i Danmark. Om denne utviklinga held fram, er det ikkje sikkert at det eksistererer norske nybyggingsverft om nokre år.

Det seier dagleg leiar Agnar Lyng ved Raudeberg-verftet Stadyard.

Neste laurdag inviterer verftet til open båt på den 48,3 meter lange og 12 meter breie kombinerte ringnot- og pelagiske trålaren Skår Senior.

Denne båten er designa av Marin Teknikk og bestilt av Skår-reiarlaget i Kvalsvika i Herøy.

- Reiar Roy Skår har heile tida vore bestemt på at reiarlaget skulle byggje i Norge. Det står det stor respekt av. Dei får no ein fantastisk flott båt, seier Lyng.

Sjå video av Skår Senior på sjøen:

Får ikkje konkurrere
Skår seier at stadig oftare går norske byggekontraktar til utenlandske skipsverft utan at norske skipsverft har fått anledning til å konkurrere om oppdraget.

- Mitt inntrykk er at fleire og fleire norske reiarar og designerar ikkje let oss få sjansen. Det er i alle fall færre oppdrag vi får å rekne på.

- Kanskje fristar det meir å byggje i Danmark, Tyrkia og Spania, der temperaturen er høgare og vinden svakare enn i Norge? spør Lyng.

Ny kystbåt
Verftet på Raudeberg har dei seinare åra hatt bra med oppdrag. Etter Skår Senior er det ferdigstilling av nye Arnøytind til reiarlaget av same namn i Skjervøy i Troms.

Denne båten vert 50,2 meter lang og 12 meter brei, og skroget er venta til Raudeberg frå det polske Wisla-verftet i mai-juni.

- Ein viktig kontrakt for oss, som gjer at vi har bra med arbeid fram til jul, kombinert med reperasjons- og ombyggingsoppdrag. Men etter det er ordreboka tom, seier Lyng. Då hadde det passa fint med opplæringsfartøyet til Vestland.

Å byggje i Norge, støttar opp om aktiviteten i mange kystsamfunn langs kysten
Agnar Lyng

Store ringverknader
Lyng opplyser at verftet har 43 eigne tilsette.

- Men det er klart at ringverknadene er mykje større. For kvar krone vi omset ved verftet, vert det lagt att 50 øre lokalt til underleverandørar, tilsette og andre.

- Dette bør også dei som byggjer i utlandet vere klar over. Å byggje i Norge, støttar opp om aktiviteten i mange kystsamfunn langs kysten.

Han trur ikkje det er dei store prisskilnadene, når ein tek omsyn til alle ekstrakostnader som ligg i å byggje i utlandet.

- I alle fall burde vi fått sjansen til å vise at vi er konkurransedyktige, seier Lyng.

Skår senior innreiing
SKÅR SENIOR: Frå innreiinga til nye Skår Senior. Foto: Stadyard
Det er tungt når heller ikkje norske myndigheiter ser verdien av å byggje i Norge
Agnar Lyng

Skuffa over fylkeskommunen
Han er heller ikkje imponert over Vestland fylkeskommune, som valde det danske verftet i Hvide Sande til å byggje nye Skulebas, det nye opplæringsfartøyet til Måløy vg skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane avd Måløy.

Det 38 meter lange fartøyet har ein estimert prislapp på 100 millionar kroner.

- Vi trudde og håpa at eit slikt prosjekt ville hamne i Norge, og at vi var av dei som kunne vere aktuelle til å byggje ein slik båt, som trass alt skal ha base i nabolaget her.

- Men det er tungt når heller ikkje norske myndigheiter ser verdien av å byggje i Norge, seier Lyng.

Han opplyser at verftet samstundes har fått klare oppmodingar å satse på å ta inn lærlingar frå den same skulen.

- Dei bør heller ta kontakt med verftet i Hvide Sande.

- Eit enormt tap
Han meiner at det hastar med å få snu utviklinga, slik at det finst nybyggingsverft i Norge i framtida.

- Eg snakkar ikkje om Stadyard spesielt. Vi har vist at vi er tilpasningsdyktige, men vi burde vere aktuelle for bygging av alle fiskefartøy opp til 70 meter. Med ein del endringar, skulle vi også klart opp til 120 meter.

- Eg snakkar på vegne av alle norske nybyggingsverft. Norske styresmakter og norske reiarar skal ikkje ta for gitt at det alltid vil finnast norske verft langs kysten. Om dei forsvinn, vil det vere eit enormt tap.

Skår styrehus
STYREHUS: Frå styrehuset til Skår Senior. Foto: Stadyard
Etter det eg har sett, er det ingen av dei som kontraherte på same tid som oss som får nokon båt ferdig i 2022
Roy Skår

- Sjeleglad
Reiar Roy Skår seier at han er sjeleglad for at han valde å byggje i Norge.

- For oss var det eigentleg ikkje noko alternativ, men vi har ikkje angra eitt sekund.

- Vi får ein kjempebåt.

Betre andrehandsverdi
Han har fulgt med i korleis det går med bygginga av fiskebåtar, spesielt i Tyrkia.

- Etter det eg har sett, er det ingen av dei som kontraherte på same tid som oss som får nokon båt ferdig i 2022.

Skår trur ikkje prisskilnaden er stor, om ein tek med alle kostnader.

- Vi trur også at andrehandsverdien er større med ein båt bygt i Norge.

Han opplyser at det vert dåp og open båt 7. mai på Eggesbønes i Herøy.

Publisert: 19.03.2022 05:30

Sist oppdatert: 19.03.2022 05:38

Mer om