Jan arve drabløs trond kongshaug stadyard foto marius 11
SNART KLAR: Den nye kystbåten til Jan Arve Drabløs og dei andre i Skår Senior-reiarlaget er snart klar. Her saman med driftsleiar Trond Kongshaug på Stadyard-verftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Snart klar med Herøy-båt – jaktar nye oppdrag

Familiereiarlag gler seg til å ta i bruk ny båt, medan Stadyard-verftet treng å fylle holrom i ordreboka.

Marius Rosbach
21.10.2021

I desse dagar er det fullt opp å gjere for arbeidarane ved Stadyard-verftet på Raudeberg. Kring 80 personar er i jobb for å levere den nye kystfiskebåten Skår Senior til Herøy-reiarlaget med same namn kring årsskiftet.

På kaia står Jan Arve Drabløs, medeigar i reiarlaget, saman med søskenbarna Janita og Roy – som er bror og syster. Han gler seg til at mannskapet kan ta i bruk båten på jakt etter sild, lodde og makrell.

– Arbeidet som har vore gjort, er veldig bra. Det blir det mest moderne kystfartøyet som er bygd, og no har vi trål som vi ikkje har hatt tidlegare, fortel Drabløs.

Prislapp på kring 200 millionar
Prisen for det som blir eit kystfartøy med mulegheit for tråling, ligg på kring 200 millionar kroner. Vitale mål er drygt 48 meter langt og 12 meter breitt.

I tillegg til det nyaste av teknologi med sjølvspyling av tankar og kameraovervaking, er det gjort plass til mindre fabrikk om bord, om det seinare blir aktuelt å kjøpe kvote for kvitfisk.

Drabløs fortel at dei vurderte om dei skulle ha batteripakke om bord, men kom til at dei i staden ville satse på lågare utslepp med smartare skroglinjer

Følgde skrogbygginga med VR-briller
Skroget blei bygd i Polen og med reiserestriksjonar som følgje av pandemien, har reiarlaget følgd prosessen på avstand i Norge. Sjølv om det har vore annleis, har det også vore greitt med mindre reising.

– Det har vore spennande å kunne reise til Marin Teknikk (herøyselskap som har designa båten, journ. anm.), ta på VR-briller og gå inn i modellen. Sånn sett har det fungert bra for oss, fortel Drabløs.

Når Skår Senior er klart frå verftet, skiftar mannskapet på MS Jøkul over til det nye fartøyet. Reiarlaget har sidan 2019 leigd tilbake sin tidlegare kystsnurpar - etter å ha selt den til Midsund-reiarlaget Nybonia.

Ny fiskebåt til våren
Driftssjef Trond Kongshaug på Stadyard fortel at dei ligg godt an til å bli ferdig til årsskiftet. Med innreiseforbod for utanlandske arbeidarar, har det vore krevjande å få til.

– No er vi heldigvis komen forbi den situasjonen og vi er ganske nær til å levere på tid, fortel han.

Det neste fartøyet verftet har i ordreboka er «nye Arnøytind» til reiarlaget med same namn frå Skjervøy i Troms. Skroget er under bygging i Polen og Kongshaug fortel at dei håpar å vere i gong på Raudeberg i mai-juni.

Jobbar med å fylle holrom
Mellom levering av Skår Senior og nybygget er det eit holrom på nokre månader verftet jobbar med å fylle opp med arbeid.

– Om vi ikkje får noko vesentleg nye oppdrag, kan det bli permitteringar ei periode. Vi jobbar no med andre alternativ som ombygging, og samtidig jobbar vi med å sikre hos fleire nybygg, fortel Kongshaug.

Kring 80 personar er no i arbeid på Stadyard-verftet. Kring halvparten av dei er verftet sine eigne tilsette. Resten er innleige og frå underleverandørar som jobbar om bord på Skår Senior.

Høge prisar gjer at mange ventar
Norge har letta på smittevernreglane, men store delar av verdshandelen er sterkt prega av pandemien. Og sjølv om verftet merker at marknaden for nybygg rører på seg, sitt kontraktane langt inne.

– Mange tenker seg godt om i desse dagar med materialkost og stålprisar som er skyhøge samanlikna med eitt år sidan. Vi ventar at prisane vil gå ned att, men det vil nok vare ei tid, fortel Kongshaug.

– Vi ser at det er ei fare for at det kan bli vanskeleg å få tak på stål på sikt, legg han til.

Publisert: 21.10.2021 05:50

Sist oppdatert: 18.03.2022 22:44