Nye kystvakthelikopter toler ikkje uver
Nytt

Nye kystvakthelikopter toler ikkje uvêr

Det nye kystvakthelikopteret NH90 toler ikkje å stå på dekk om bord i eit kystvaktskip viss fartøyet krenger meir enn nokre få grader. 

13.01.2017
(NPK): – Det betyr enkelt og greitt at vi ikkje kan ta det med til havs, seier kystvaktsjef Sverre Engeness til avisa Kyst og Fjord.
Etter det Kyst og Fjord erfarer, er det snakk om ei maksimal krenging på rundt 20 grader. Kystvaktfartøya som helikoptera skal stå på i ekstremt vêr har vore oppe i krenging på nærmare 50 grader.

- Vil løyse seg

Prosjektkoordinator for helikoptera i Forsvaret Knut Erik Oulie har likevel trua på at problemet vil løyse seg.
– Vi er ganske sikre på at dette er ei mellombels avgrensing som vil løyse seg dette halvåret, seier Oulie til avisa.
Avgrensingane er ein ny strek i rekninga for det allereie sterkt forseinka helikopteret. For fem år sidan landa det fyrste NH90-helikopteret på norsk jord, åtte år seinare enn planlagt, men helikopteret er enno ikkje sett inn i operativ teneste.
Forgjengaren Lynx har for lengst passert aldersgrensa og Kystvakta har i praksis derfor vore utan helikopter sidan desember 2014

Publisert: 13.01.2017 14:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05