Ny
SPOTPRIS: Enorme variasjonar i prisen på elektrisk kraft tysdag klokka 10. Skjermdump frå Statnett
Nytt

Nye prisrekordar - men det er i sør og aust

Den nye olje- og energiministeren lovar tiltak for å hjelpe dei som slit med å betale straumrekningane.

19.10.2021

NPK-NTB-NETT NO: Måndag vart det sett prisrekord på straum i Sør-Noreg, og tysdag stig prisen ytterlegare. I Oslo, Bergen og Kristiansand vil han i snitt liggje på 1,43 kroner per kilowattime (kWh) gjennom døgnet, ifølgje kraftbørsen NordPool.

Klokka 10 tysdag var elspotprisen på Nordvestlandet på 20,43 øre kWh, viser tal frå Statnett.

Lenger sør og aust i landet var elspotprisen på 207,90 øre kWh, meir enn ti gongar så mykje.

I Danmark var prisen endå litt høgare.

Tidlegare tysdag var elspotprisen oppe i 228,38 øre kWh sør for Sognefjorden.

- Tøft for mange
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier at ho skjønner at mange nordmenn blir bekymra for dei svært høge straumprisane.

– Det er tøft for mange å få rekningar som er langt høgare enn det dei har rekna med, sa Mjøs Persen i Politisk kvarter på NRK tysdag morgon.

– Derfor er vi jo nøydde til å finne nokre tiltak på kort sikt som gjer at dei som slit mest med å få betalt straumrekninga, får ei redusert straumrekning eller støtte til å betale ho, sa ho.

Kjem av «perfekt storm» globalt
Det skyhøge straumprisnivået kjem av ein slags «perfekt storm» i verda i samband med koronapandemien, seier Høgres finanspolitiske talsperson og tidlegare olje- og energiminister Tina Bru.

– No er økonomien globalt i full fart på veg ut av ei krise, alle startar opp igjen, og det går betre enn det har gjort etter ei lang nedstenging med pandemi. Derfor ser vi skyhøge gassprisar og CO2-prisar, seier ho.

– Og det vil òg vere noko prissmitte inn til Noreg fordi vi er knytt til landa rundt oss, seier Bru.

Seinare denne veka skal EU-landa samlast til toppmøte, som truleg vil bli dominert av dei ekstremt høge energiprisane og moglegheita for at EU-landa i fellesskap kan einast om mellombelse tiltak.

Fleire land har på eige initiativ sett i verk hjelpeordningar for å få bukt med dei rekordhøge energiprisane.

Marte Mjøs Persen foto Heiko Junge
TILTAK: Den ferske olje- og energiministeren Marte Mjøs Persen (Ap) seier at regjeringa er nøydd til å komme med tiltak for å hjelpe dei som slit med å betale stramrekningane. Foto: Heiko Junge / NTB

Høgare prisar i andre land
Utveksling av kraft mellom land er sett opp slik at flyten alltid går frå område med dei lågaste straumprisane til område med dei høgaste prisane, forklarer kommunikasjonsdirektør Henrik Glette i Statnett til NRK.

– Sjølv om vi no har høge prisar, så er dei høgare i landa rundt oss. Det betyr at vi eksporterer. Det er eit system som også gjer at når vi har mangel på kraft her heime og prisane stig, medan prisane søkk i landa rundt oss, så vil vi ha moglegheita til å importere, seier Glette.

– Det er eit system som snur når prisane endrar seg, seier han.

Dei høge straumprisane har komme for å bli, trur analysesjef Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.

– Eg ventar at prisane, kanskje ikkje akkurat pristoppane i enkelttimar, vil liggje på det same høge nivået som no heilt fram til våren – kanskje til midt i april, seier han til NRK.

Publisert: 19.10.2021 09:57

Sist oppdatert: 19.10.2021 10:11

Mer om