(NPK): Prisen til Nynorsk kultursentrum blei delt ut under opninga av Det nordiske museumsmøtet på Hamar. Kulturminister Thorhild Widvey overrekte prisen frå Norges museumsforbund til styreleiar Lodve Solholm, som tok imot saman med direktør og leiarane for Ivar Aasen-tunet og Hauge-sentere.
– Å bli Årets museum i konkurranse med så sterke kandidatar som Nordnorsk kunstmuseum og Munchmuseet er berre fantastisk, seier Solholm.
– Dei orda er som det finaste Hauge-diktet for oss, og no får vi berre lyst til å gjere enda meir. Den beste ideen er enno ikkje tenkt, seier direktør Ottar Grepstad.
At Nynorsk kultursentrum evnar å gjere historie og kulturarv relevant, er eit anna aspekt juryen peiker på.
– Juryen understrekar at vinnaren er eit offensivt, alliansebyggjande og framtidsretta museum. Det maktar å gjere historie og immateriell kulturarv levande og relevant i dagens Noreg – gjennom utstillingar, festivalar og ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Nasjonalt og internasjonalt går det i bresjen for nye nettverk og samarbeid mellom museum. Det jobbar systematisk med å formidle språkarva digitalt, og det aukar også sitt geografiske nedslagsfelt.
– Denne æra deler vi med millionar av gjester og brukarar, utøvarar og samarbeidspartar, stiftarar og sponsorar. Alt vi gjer, skal vere til nytte for nokon. Vi ønskjer ganske enkelt å vere det rause museet – ein viktig samfunnsinstitusjon med fagleg tyngd, stor tillit og overraskande initiativ som gir resultat, seier direktøren.
I tillegg til aktivitetane Nynorsk kultursentrum allereie driv med, kjem det ved årsskiftet også ein samla plan for eit Vinje-senter i Vest-Telemark.
– Vi har 18 fast tilsette og har på 17 år hatt så mange medarbeidarar på heiltid, deltid og i engasjement at måndag tok medarbeidar nummer 206 til. Dei har alle gjort sitt, og utan gode styre og styreleiarar hadde vi aldri vore der vi er no, seier Ottar Grepstad. (©NPK)
– Å bli Årets museum i konkurranse med så sterke kandidatar som Nordnorsk kunstmuseum og Munchmuseet er berre fantastisk, seier Solholm.
– Vil gjere enda meir
I ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum blir det vist til at juryen kallar museet ein pioner i Museums-Noreg med «en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi».– Dei orda er som det finaste Hauge-diktet for oss, og no får vi berre lyst til å gjere enda meir. Den beste ideen er enno ikkje tenkt, seier direktør Ottar Grepstad.
At Nynorsk kultursentrum evnar å gjere historie og kulturarv relevant, er eit anna aspekt juryen peiker på.
– Juryen understrekar at vinnaren er eit offensivt, alliansebyggjande og framtidsretta museum. Det maktar å gjere historie og immateriell kulturarv levande og relevant i dagens Noreg – gjennom utstillingar, festivalar og ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Nasjonalt og internasjonalt går det i bresjen for nye nettverk og samarbeid mellom museum. Det jobbar systematisk med å formidle språkarva digitalt, og det aukar også sitt geografiske nedslagsfelt.
Deler æra
Grepstad viser til at Nynorsk kultursentrum ikkje står åleine i det dei gjer.– Denne æra deler vi med millionar av gjester og brukarar, utøvarar og samarbeidspartar, stiftarar og sponsorar. Alt vi gjer, skal vere til nytte for nokon. Vi ønskjer ganske enkelt å vere det rause museet – ein viktig samfunnsinstitusjon med fagleg tyngd, stor tillit og overraskande initiativ som gir resultat, seier direktøren.
– Eit raust museum
Nynorsk kultursentrum blei stifta i 1993 og er no sett saman av Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda, Ulvik poesifestival og oppslagsverket Allkunne, seks nettstader og Vinjefondet.I tillegg til aktivitetane Nynorsk kultursentrum allereie driv med, kjem det ved årsskiftet også ein samla plan for eit Vinje-senter i Vest-Telemark.
– Vi har 18 fast tilsette og har på 17 år hatt så mange medarbeidarar på heiltid, deltid og i engasjement at måndag tok medarbeidar nummer 206 til. Dei har alle gjort sitt, og utan gode styre og styreleiarar hadde vi aldri vore der vi er no, seier Ottar Grepstad. (©NPK)
Publisert: 10.09.2015 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46