Nytt
Nysatsing kosta for Plany
Då inntektene fall, tok Haugsbygda-bedrifta grep for å kome på offensiven. Men det kosta.
04.09.2020
Målet for den opphavlege presenningsprodusenten Plany i Sande kommune, er å gå frå å vere ein produktleverandør til å vere ein systemleverandør.
Eitt døme på det er anlegg som kombinerer Plany sine tradisjonelle luseskjørt, med eit anlegg som forsyner oppdrettsmerda med oksygen.
Luseskjørt vernar oppdrettslaksen mot lakselusangrep, men reduserer også gjennomstrøyminga i anlegget. Tilførsel av oksygen bøter på oksygenmangelen og gjer det råd å bruke luseskjørta i lengre periodar.
Men det kostar å utvikle noko nytt og driftsinntektene fall med over 10 millionar frå 2017 til 2018.
Store forsking- og utviklingskostnadar er hovudårsaka til at 2019 enda med minus 7,1 millionar kroner før skatt for Plany.
- I år ser det betraktleg betre ut enn i fjor, seier dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Plany om 2020-resultatet.
Så lang i år har Plany eit lite overskot, og det ligg det an til å bli slik når året er omme.
Plany i Haugsbygda i Sande kommune har sju eigarar, som eig Plany gjennom selskapet S. Notøy Eiendom. I fjor gjekk eigarane inn med til saman to millionar kroner i ny eigenkapital.
Sigbjørn Notøy er største eigar med 51,7 prosent av aksjane. Dei andre eigarane er Trine-Mette Notøy Søvik, Frank Robert Notøy, Liva Christin Notøy, Martime Partner as, Jannike Saure Knotten og Brødrene Hukkelberg as.
Eitt døme på det er anlegg som kombinerer Plany sine tradisjonelle luseskjørt, med eit anlegg som forsyner oppdrettsmerda med oksygen.
Luseskjørt vernar oppdrettslaksen mot lakselusangrep, men reduserer også gjennomstrøyminga i anlegget. Tilførsel av oksygen bøter på oksygenmangelen og gjer det råd å bruke luseskjørta i lengre periodar.
Men det kostar å utvikle noko nytt og driftsinntektene fall med over 10 millionar frå 2017 til 2018.
Store forsking- og utviklingskostnadar er hovudårsaka til at 2019 enda med minus 7,1 millionar kroner før skatt for Plany.
Tilbake i pluss
I 2020 er forsking-og utviklingskostnadane tilbake på eit meir vanleg nivå for selskapet.- I år ser det betraktleg betre ut enn i fjor, seier dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Plany om 2020-resultatet.
Så lang i år har Plany eit lite overskot, og det ligg det an til å bli slik når året er omme.
Vil vekse
Aktørane i utstyrsbransjen til oppdrett og fiskeri har ambisjonar om å vekse. Når alle satsar på vekst samstundes aukar konkurransen. Det er situasjonen i år som i fjor, ifølgje Våge Klepp, og konkurransen set lønsemda under press.Plany i Haugsbygda i Sande kommune har sju eigarar, som eig Plany gjennom selskapet S. Notøy Eiendom. I fjor gjekk eigarane inn med til saman to millionar kroner i ny eigenkapital.
Sigbjørn Notøy er største eigar med 51,7 prosent av aksjane. Dei andre eigarane er Trine-Mette Notøy Søvik, Frank Robert Notøy, Liva Christin Notøy, Martime Partner as, Jannike Saure Knotten og Brødrene Hukkelberg as.
I år ser det betraktleg betre ut enn i fjor
Publisert: 04.09.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02