Nytt fylkeslag utfordrar formuesskatten
Venstre følgjer Høgre i stridsspørsmål.
Formuesskatten har segla opp som ein heit politisk potet dei siste par åra.
Venstre i Møre og Romsdal er mellom dei som vil ha endringar, og i helga vedtok fylkeslaget at dei vil fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.
– Formueskatten hemmar gründerskap og innovasjon i nye selskap, då det vert færre som har moglegheit å vere investorar, samtidig som ein blir skattlagt for verdi i ei bedrift før ein byrjar å tene pengar, heiter det i vedtaket.
Dei peiker på at skatten råkar spesielt hardt når eigarane av små og mellomstore bedriftene ikkje har likviditet til å dekke skatterekninga.
Ber om likebehandling
Møre og Romsdal Høgre gjorde nyleg tilsvarande vedtak under sitt årsmøte. Dei ønsker også at formuesskatten på arbeidende kapital, som stor grad er driftsbygninger, maskiner og lignende, blir teke vekk.
Både Høgre og Venstre peiker i sine vedtak på at norske eigarar blir behandla annleis utanlandske eigarar – som i dag slepp å betale formuesskatt.
Begge peikar på viktigheita av norsk eigarskap for lokalt næringsliv rundt om i landet.
Vil ha høgare selskapsskatt
I sitt vedtak peiker fylkeslaget til Venstre på at høgare selskapsskatt kan vere ei løysing.
– Ved å innføre alternative og meir rettferdige og treffsikre tiltak for skattlegging, meiner vi at den samla innteninga til staten kan bli vel så god om ikkje høgare, heiter det.
Høgre skriv i sitt vedtak at dei også i første rekke vil skattlegge overskottet i bedriftene.
Fleire vil vurdere formuesskatten
Etter at Støre-regjeringa kom til makta, er eigarskattane her til lands blitt om lag dobla, ifølgje ei undersøking frå Regnskap Norge. Det har fått fleire til å reagere.
Også regjeringspartnar Senterpartiet har vedteke at dei ville ha i vurdering av formuesskatten. Eit tilsvarande forslag blir jobba med i partiet Raudt.
Leiande Ap-politikarar som næringsminister Jan Christian Vestre er mellom andre som har opna for å sjå nærare på innretninga av formuesskatten.
Publisert: 04.03.2024 10:29
Sist oppdatert: 04.03.2024 10:37