Bjørlo om utanlandsk eigarskap: – I praksis null oversikt
Venstre-politikaren svært lite nøgd med svaret frå næringsministeren i Stortinget.
Stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V) er ikkje nøgd med svaret næringsminister Jan Christian Vestre ga på eit skriftleg spørsmål i Stortinget.
Venstre-politikaren frå Nordfjord ville vite om departementet hadde tall som viste utviklinga i utanlandsk eigarskap av næringseigedom og utleigebustader her til lands.
Det kunne ikkje næringsministeren opplyse om - og viste i sitt svar til at SSB hadde opplyst at det ikkje var mogleg å få fram.
– Svaret er svært urovekkande, og endå meir passivt enn eg venta. Vi har altså i praksis null oversikt på omfanget av utanlandsk eigarskap av norske næringseigedommar – og det verkar ikkje som om næringsministeren har tenkt å legge to pinnar i kors for å skaffe seg slik oversikt heller, seier Bjørlo til NETT NO om svaret.
Fleire vurderer å selje til utlandet
Bakgrunnen for spørsmålet er at fleire eigedomsaktørar har fortald i media at dei seljer eigedomar fordi skattetrykket er blitt så høgt at det ikkje er lønnsamt å drive bustadutleige.
Norsk Eiendom har varsla at fleire å vurderer å selje sine eigendomar til utanlandske kjøparar eller flytte ut for å sikre konkurranseevna.
– Eg har ein sterk mistanke om at det har vore betydeleg auke i utanlandsk eigarskap av næringseigedom dei siste åra, seier Bjørlo og legg til at Venstre ikkje vil gi seg før tala er på bordet.
Åtvarar mot å vere naive
Bjørlo meiner Norge ikkje går vere naive når det gjeld utanlandsk eigarskap.
– Vi veit at land som Kina og andre diktatur systematisk brukar investeringar i utlandet som verkemiddel for å fremme eigne strategiske interesser – og at heileigde kinesiske selskap den siste tida har gjort store kjøp av strategisk viktige næringseigedommar i Noreg, fortel stortingspolitikaren.
Rekninga til formuesskatten utgjer ei tung utfordring for til eigedomsaktørar.
Ifølgje tal som kjem fram i Finansavisen, betyr formuesskatten at utanlandske kjøparar kan by 10 til 15 prosent høgare kjøpesum enn norske ved kjøp av utleigebustader.
Uroa for svekka norsk eigarskap
Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 er mellom dei som har åtvara om utviklinga.
Ho har påpeika at årsaka til at dei fleste land i Europa har fjerna formuesskatten i løpet av dei siste åra, er at fleire meiner den svekkar den nasjonale eigarskapen – og frykta at norske bedrifter blir selt på billigsal.
– I ei stadig meir føreseieleg verd, treng vi eit sterkt, mangfaldig og privat norskeigd næringsliv som del av samfunnsberedskapen vår. Dei aller fleste andre europeiske land er komne lenger enn oss i Noreg i forståinga av dette, legg Bjørlo til.
Vil styrke kartlegginga
Då næringsministeren var i Ålesund stadfesta han at norske styresmakter ikkje har noko fullgod oversikt over utanlandsk eigarskap i Norge. Samtidig åtvara han mot å gjere det til eit problem at utanlandske investorar vil plassere pengane sine her til lands.
Vestre meinte vidare at det ikkje var grunn til å vere naive, og fortalde at det er er sett i gong eit arbeid med å styrke kartlegginga utanlandske investeringar etter anbefalingar frå Investeringskontrollutvalget.
Ein Menon-rapport publisert i fjor viste at utanlandsk eigarskap for første gong stod for høgare verdiskaping i næringslivet, enn den norske private eigarskapen her til lands.
Publisert: 06.02.2024 13:10
Sist oppdatert: 06.02.2024 13:10