Jan Christian Vestre NMK foto Marius
ÅLESUND: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) møtte ein rekke bedrifter i Ålesund tysdag. Han fekk også tid til å vere med på konferansen Smartere Produksjon 2024. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vestre opnar for endringar i skattesystemet

– Eg trur det er mogleg å få til betre løysingar, seier næringsministeren om formuesskatten.

Marius Rosbach
23.01.2024

Tysdag hadde næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) invitert seg sjølv til Ålesund for å snakke direkte med fleire bedriftsleiarar i regionen.

Ettersom bedriftene ønska at det skulle vere eit lukka møte, fekk ikkje pressa høyre kva som blei diskutert. Også eit møte med ÅKP same dag, blei lukka for pressa.

– Eg har ikkje noko behov for å lukke dørene og kan gjerne diskutere dette i offentlegheita, seier Vestre til NETT NO i etterkant.

Vil gjerne ha fleire med å debatten
Statsråden tvilar på at han fekk høyre noko anna, enn han ville fått høyre på eit ope møte, og påpeikar at «Roger’n» og «Knut» er taleføre folk. Nemnte Roger Hofseth og Knut Flakk har som kjent starta ein aksjon for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital.

– Det er veldig flott at næringslivsleiarar deltek i debatten. Og vi skulle gjerne hatt endå fleire med i diskusjonen, legg han til.

Skatt var også eit tema som gjekk igjen i møte får NETT NO opplyst. Det er eit tema Vestre gjerne diskuterer – samtidig som han meiner debatten i for stor grad har vore prega av slagord og bastante synspunkt.

– Eg opplever at det er reelle problemstillingar som næringslivet løfter, samtidig som det er stor vilje til å betale skatt, seier Vestre om utfordringane som er peika på.

Diskuterte ulike moglegheiter
Skatteaukane har skapt stor frustrasjon hos ein mange bedriftsleiarar, som opplever at dei må tappe selskapa for å betale skatterekninga. Det råkar igjen investeringsevna.

– Eg trur det er mogleg å få til betre løysingar, seier Vestre om formuesskatten.

Som Arbeiderpartiet sin ferske næringspolitiske talsperson, Anniken Huitfeldt, vil han ha dette inn i prosessen med å utarbeide nytt partiprogram fram til neste val i 2025.

Næringsministeren fortel at det blei diskutert ulike moglegheiter i møte i Ålesund. Han erkjenner også at det er behov for å tenke vidare enn justering av satsar og grunnlaget for skatten.

– Vi er villige til å sjå på justeringa av skattesystemet, slik at det i enda større grad kan bidra til verdiskaping - men samtidig vere omfordelande. Vi skal ikkje ha nullskatteytarar, legg statsråden til.

– Ønsker å gå i djupna
Næringsministeren trur uansett ikkje det er realistisk å fjerne formuesskatten heilt.

– Men det er verdt å så nærare på i kva situasjonar formuesskatten er ei utfordring. For eksempel når eit selskap går med underskot, og ikkje har pengar til å ta utbytte, seier Vestre.

Ein anna situasjon som fleire opplever som problematisk, er nystarta selskap som blir vurdert å ha høg verdi, grunna forventingar om ei god utvikling i framtida. Vestre ser at slike situasjonar kan vere vanskeleg å handtere.

– Det er mellom anna mogleg å knytte meir av formueskatten til privat forbruk, seier Vestre – og viser til eit forslag Knut Flakk har lagt på bordet tidlegare.

– Ingenting av dette er gjort over natta, og det er ein fordel med brei einigheit kring dette. Vi ønsker å gå i djupna på dette – men med innestemme og ved å lytta til kvarandre, seier, legg han til.

Vi ønsker å gå i djupna på dette – men med innestemme og ved å lytta til kvarandre
Jan Christian Vestre

– Må glede oss over det som går bra
Statsråden gjentek at det samla skatte og avgiftsnivået for norsk næringsliv ikkje er høgare i dag, enn for ti år sidan. Han minner også om at det ikkje er grunn til å svartmåle situasjonen for bedriftene her til lands.

– At det stort sett går bra i norsk næringsliv, er fakta. Vi har låg arbeidsløyse, høg sysselsetting, rekordhøge investeringar og eksport – samtidig som det blir etablert mange nye bedrifter, seier han.

– Vi må glede oss over det som går bra også, legg han til.

Vestre strekar under at han ikkje underkjenner opplevinga til næringslivet om utfordringane. Samtidig påpeiker statsråden at han får innspel om mykje anna enn skatt og rammevilkår, når han møter bedriftsleiarar.

– Det er mange andre ting som er viktige også, som tilgang på arbeidskraft og mindre byråkrati, seier han.

Publisert: 23.01.2024 14:03

Sist oppdatert: 24.01.2024 22:33

Mer om