Kleven maud hurtigruten juni 2021 foto marius 11
KLEVEN: Hurtigruteskipet MS Maud låg torsdag ettermiddag til kai ved Green Yard Kleven saman med MS Otto Sverdrup (tidlegare Finnmarken). Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt hurtigruteskip til kai på Kleven

Ny jobb og nær 100 tilsette i jobb ved verftet.

Marius Rosbach
10.06.2021

Green Yard Kleven har sikra seg eit nytt oppdrag for Hurtigruten med teknisk oppgradering og klargjering av ekspedisjonsskipet Maud.

Torsdag var skipet allereie kome til kai ved verftet.

– Dette er eit godt oppdrag for oss. Det blir ein del tekniske oppgraderingar som passar fint inn med kompetansen og kapasiteten vi har på verftet, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i Green Yard Kleven i ei pressemelding.

Nær 100 tilsette i arbeid
Bollestad opplyser til NETT NO at dei no er nær 100 tilsette i arbeidet ved verftet for tida. Han vil ikkje svare på kor mange tilsette som får arbeid med dette oppdrag, eller varigheita av jobben.

MS Maud er ein del av flåten til Hurtigruten Expeditions, og skal gjerast klar for å segle på cruise i sommar. Skipet gjekk tidlegare under namnet MS Midnatsol og blei levert frå Fosen i 2002.

Har også oppdrag med tidlegare Finnmarken
Verftet har allereie eit anna hurtigruteskip til kai - MS Otto Sverdrup - som er bygd om til å gå på både diesel og batteri. Skipet heite tidlegare MS Finnmarken og blei bygd på Kleven i 2002.

Dette skipet blei totalrenovert innvendig i fjor, og skal saman med MS Maud inn i ekspedisjonscruiseflåten til reiarlaget.

Publisert: 10.06.2021 15:28

Sist oppdatert: 10.06.2021 15:46

Mer om