Kleven verft juli foto marius innfelt bjørn åge hamre 11
VERFTSKONKURS: Bustyrar Bjørn Åge Hamre håpar å levere frå seg granskingsarbeidet nokre veker før det er gått eitt år sidan konkursane i fleire Kleven-selskap den 3. juli. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Buarbeidet tek lengre tid enn venta

Om få veker kjem fleire svar om kva som skjedde då Kleven gjekk konkurs.

Marius Rosbach
18.05.2021

Arbeidet til bustyrar Bjørn Åge Hamre og resten av teamet som jobbar med å gjere opp status etter konkursen på Kleven, tek lengre tid enn venta.

– Tidsperspektivet blir stadig skuva på, fortel han til NETT NO om status for augneblinken.

Advokaten har fått jobben med å «snu kvar stein» om kva som skjedde då Kleven Verft og dei tilhøyrande selskapa, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology gjekk konkurs.

Til gjennomgang i Kroatia
Det har vore eit tidkrevjande arbeid og Hamre hadde eigentleg venta å vere ferdig allereie tidlegare i vår med ein rapport frå burevisor, saman med ei ny beretning.

No er rapporten til gjennomgang hos tidlegare Kleven-eigar Tomislav Debeljak og DIV Group i Kroatia, opplyser Hamre.

Etter at dei har kome med sine kommentarar, vil ein endeleg versjon kome til behandling i Møre og Romsdal tingrett. Bustyraren må uansett ha si beretning klar innan eitt år etter konkursen.

– Vi håpar å få det til nokre veker før, men tida får vise, er alt Hamre kan seie per no.

Hagla med harde skuldingar
Det er kjent at dei kroatiske eigarane er sterkt kritiske til ein rekke forhold kring kring konkursen. Dei meiner mellom anna dei blei møtt med ei fiendtleg haldning i lokalmiljøet og at avtaler som ble inngått, bidrog til at verftselskapa gjekk over ende.

Vidare har dei kome med skuldingar om korleis verftsleiinga handterte situasjonen – påstandar som Kleven-direktør Kjetil Bollestad, har omtala påstandane som «grunnlause og feilaktige» ovanfor NETT NO.

DIV Group er óg kritiske til korleis banksyndikatet leia av Sparebank 1 SMN gjekk fram, då dei sa opp låneavtalen med verftet som følgje av misleghald.

Kleven havyard psv februar 2020 111
OMSTRIDD: Skroget som Rem Offhore -reiarlaget skal nytte i vindkraftmarknaden, blei omtala som ein «heit potet» av tidlegare Kleven-eigarn Tomislav Debeljak. Han var kritisk til dei tidlegare avtalene som var inngått kring skipet. Foto: Marius Rosbach onkursen
Sjølve kjernen i det vi vurderer er styret og leiinga sine roller og handlingar
Bjørn Åge Hamre

Skal vurdere handteringa til styre og leiing
Førebels har bustyraren laga ei beretning etter konkursen i august, der det ikkje blir teke stilling til om det er grunn til å rette kritikk mot styret, eller leiinga. Hamre har tidlegare avslått å kommentere den sida av saka på førehand.

– Sjølve kjernen i det vi vurderer er styret og leiinga sine roller og handlingar, sa han til NETT NO i vinter.

Dette styret var leia av DIV Group-eigar Tomislav Debeljak.

Publisert: 18.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 17.05.2021 23:28

Mer om