Dof-skip blir resirkulert på Kleven
Utrangert offshoreskip blir største «grøne» oppdraget for verftet til no.
Det 1999-bygde ankerhandteringsskipet Skandi Admiral skal resirkulerast ved Green Yard Kleven, stadfestar operasjonssjef Narve Våge i Dof Management til NETT NO.
Tysdag blei skipet slept inn til Ulsteinvik via Breisundet og lagt til kai ved verftet.
– Dyrt å få skipet i drift att
Offshorereiarlaget har hatt skipet i opplag, men Våge fortel at det kostar meir enn det smakar å få skipet i drift att.
– Marknaden etter den siste knekken for fem år sidan har vore slik at det et låg etterspurnad. Når klassesertifikatet har gått ut, er det dyrt å få skipet i drift att, fortel Våge til NETT NO.
Å resirkulere skip vil vere eit nytt forretningsområde for verftet, som er i ferd med å bygge seg opp att med nye eigarar. Det utrangerte offshoreskipet blir det største oppdraget til no.
NETT NO har ikkje fått snakka med verftsidirektør Kjetil Bollestad, men Karl-Erik Sæbønes som er produksjonsansvarleg ved resirkuleringsavdelinga, stadfestar oppdraget til lokalavisa Vikebladet.
Ikkje planar om å skrape fleire skip
Offshorereiarlaget Dof har kring 60 skip i flåten, men har ikkje førebels planar om å resirkulere fleire fartøy, fortel Våge i Dof Management.
– Vi har resirkulert eit fartøy tidlegare i Tyrkia, men per no har vi ikkje fleire på gong med det første, fortel Våge.
Han fortel at stålprisen er betre i Tyrkia, enn i Norge. Samtidig kostar eit slep til Tyrkia meir. I tilfelle med Skandi Admiral, enda kostnadene om lag likt.
– Det vi må betale tauselskapet blir naturleg nok meir, om vi betalar for slep ti dagar, samanlikna med ein dag, fortel Våge.
Håpar å få fleire skip i drift
Ved siste kvartalsrapport for to månader sidan, hadde reiarlaget 14 skip i opplag. Etter at marknaden også for ankerhandterarar har teke seg opp i det siste, er det betydeleg færre i dag.
– I dag har vi eigentleg berre eitt skip i opplag, etter at vi har reaktivert ein del. Vi håpar snart å ha mesteparten av skipa i drift, og samtidig har vi selt ein del skip, fortel Våge.
For mange skip i marknaden har vore det store problemet for bransjen heilt sidan oljeprisfallet etter 2014. Det har vore føreslått å opprette eit større fond for resirkulering av offshoreskip, for å bidra til å få fleire fartøy ut av marknaden.
Opposisjonen med Frp, Sp og Ap har stilt seg positive til dette, og fleire i bransjen har eit håp om at eit slikt fond skal vere eitt av tiltaka i revidert statsbudsjett i mai.
Publisert: 13.04.2021 13:33
Sist oppdatert: 13.04.2021 13:50