Gunnar Haagensen Jangaard e Richard Stenning Guinness 1
Jangaard Export-sjef Gunnar Haagensen (t.v.) selde fisk for meir enn to milliardar i fjor. Her er han med Richard Stenning frå Guiness og verdas største klippfisk. Foto: Sjømatrådet
Nytt

Nytt inntektshopp på klippfisk

Haagensen-selskap med nest største overskot nokon gong i fjor.

Marius Rosbach
13.07.2023

Jangaard Export i Ålesund gjorde eit nytt solid hopp i omsetninga i fjor med ei omsetning på over to milliardar.

Sjølv om lønnsemda gjekk ned, ga 2022 det nest største overskotet fiskeeksportselskapet nokon gong.

Av ei omsetning på 2,1 milliardar vart resultat før skatt på heile 113 millionar. Berre i rekordåret 2021 har overskotet vore større (sjå tabell under) og nivået er skyhøgt over overskota i selskapet dei siste ti år.

Jangaard Export (konsern)


Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekter
2.0971.654,5
Driftsresultat
109,1140,5
Resultat før skatt
113,5136

«Tilfredsstillende»
«Tilfredsstillende» er den nøkterne vurderinga til leiinga av drift og utvikling i selskapet sin årsrapport for fjoråret.

Hovudverksemda i Jangaard Export er klippfisk, men dei sel også ferskfisk og anna salt fisk. I løpet av fjoråret vart dotterselskapet North Export fusjonert inn i selskapet, går det fram av årsrapporten for 2022.

Konserntala for Jangaard Export-selskapet inkluderer også andre dotterselskap.

Anlegga til fiskeriselskapet ligg både i heimkommunen Ålesund, Vestvågøy, Vågarm Andøy og Røst. I konserntala for Jangaard Export inngår også tala for North Export, Foods Import og West-Norway-selskapa.

80 prosent seld til Europa
Om lag 78 prosent av eksportinntektene kom i fjor frå sal til den europeiske marknaden og 10 prosent av salsinntektene frå verda elles. 12 prosent av omsetninga skjedde i Norge, ifølgje årsrapporten.

Prisene på råvare er mellom faktorane som påverkar drifta mykje, saman med rente- og skattenivået. Auke råvareprisar, aukar også kapitalbehovet i drifta.

- Betydelege endringar i pris og etterspurnad vil kunne påverke resultatet i stor grad, skriv leiinga i rapporten.

Eigenkapitalen i konsernet var ved utløpet av året på 449 millionar – som gir ein eigenkapitalgrad på 40 prosent. I snitt hadde morselskapet 126 årsverk i arbeid i 2022.

Publisert: 13.07.2023 14:05

Sist oppdatert: 13.07.2023 14:08

Mer om