Haagensen fikk overskuddet tilbake
KJEMPEÅR: Gunnar Haagensen leiar Jangaard-konsernet som leverte eit knallår økonomisk i fjor. Ålesund-selskapa fekk full klaff med bustadsal og fiskeeksport. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Eventyrleg år for Jangaard-konsernet

Meir enn ein kvart milliard i overskot gjer at Haagensen-familien kan ta kjempeutbytte.

Marius Rosbach
27.06.2022

Jangaard-konsernet til Haagensen-familien i Ålesund hadde eit superår i 2021 og leverer eit overskot som gruser tidlegare rekordar.

Omsetninga til konsernet har dobla seg på fire år og nådde nye høgder i fjor. Inntektene gjorde eit hopp på meir enn 440 millionar og enda for første gong på meir enn to milliardar. Vel 2,1 milliardar kroner vart dei samla inntektene på, viser årsrapporten som no er klar.

2021-overskotet er også på rekordnivå: Resultatet før skatt på 260 millionar kroner, er meir enn dei samla overskota samla sidan 2017.

Bakgrunnen for det gode resultatet er betre lønnsemd i fiskeeksporten og sal av sentrumsbustader på Øvre Utstillingsplass i Ålesund.

Rekordutbytte til eigarane
Som følgje av rekordresultata tek Haagensen-familien ut 138 millionar kroner i utbytte frå morselskapet Aalesund Enterprises (73 millionar, Brødrende Jangaard (50 millionar) og Jangaard Export (15 millionar).

Økonomien i konsernet er solid og morselskapet hadde framleis bankinnskot på meir enn 54 millionar og samla eigenkapital på 260 millionar kroner ved utløpet av året.

Størst omsetning frå fisk
Størstedelen av salsinntektene - om lag 1,6 milliarder – kom i fjor frå fiskesal, 338 millionar frå eigedom og 101 millionar frå hotell og restaurantdelen av den mangslungne verksemda.

Dotterselskapa i konsernet eig mellom anna Scandic Parken Hotel-bygget, parkeringsanlegget i Aksla og kjøpesenteret Ålesund Storsenter.

Rekordoverskot frå fiskeeksport

Hovudverksemda i fiskeeksportselskapet Jangaard Export er klippfisk, men dei sel også ferskfisk og anna salt fisk.

Aldri før har konsernet seld fisk for større verdiar enn dei gjorde i «pandemiåret». Eit resultat på 136 millionar kroner, er skyhøgt over overskota i selskapet dei siste ti år.

Anlegga til fiskeriselskapet ligg både i heimkommunen Ålesund, Vestvågøy, Vågarm Andøy og Røst. I konserntala for Jangaard Export inngår også tala for North Export, Foods Import og West-Norway-selskapa.

Om lag éin milliard av eksportinntektene kom i fjor frå sal til den europeiske marknaden, 66 millionar får Norge og 577 millionar frå verda elles.

Rekordinntekter på sentrumsbustader
Eigedomsverksemda i Brødrende Jangaard-selskapet hausta også godt av seg i fjor. Eit overskot før skatt på nær 122 millionar er det beste på kring ti år for selskapet.

Årsaka har å gjere med sal av leilegheiter i bustadprosjektet ved Utstillingsplassen på «taket» av Bybadet i Ålesund.

Av salsinntektene på 344 millionar, kom 104 millionar frå utleige og 239 millionar frå sal av leilegheiter, viser årsrapporten.

Aaalesund Enterprises


Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekter
2.122,4
1.678,9
Driftsresultat
260,7
49,6
Resultat før skatt
261,5
12,8

Jangaard Export


Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekter
1.654,5
1521,6
Driftsresultat
140,5
15,9
Resultat før skatt
136
4,8

Brødrene Jangaard



Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekter
344
89,3
Driftsresultat
102,7
36,3
Resultat før skatt
121,9
14,3

Publisert: 27.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.06.2022 00:34

Mer om