Tarjei Rødset foto Runar F Daler Anleggsmaskinen 11
NYTT GODT ÅR: Daglig leder Tarjei Rødset og Aco Anlegg-konsernet leverer eit nytt svært godt økonomisk resultat for 2022. Foto: Runar F. Daler/Anleggsmaskinen
Nytt

Nytt kanonår for entreprenørkonsern

Til tross for at «alt har blitt dyrare» leverte Aco Anlegg eit overskott på nivå med rekordåret 2021.

Marius Rosbach
31.07.2023

– Alt er blitt dyrare, sa Aco Anlegg-sjef Tarjei Rødset i fjor og varsla at 2022-resultatet ikkje ville bli like bra som 2021.

Aco Møre-konsernet haldt likevel koken og leverte eit overskott fullt på høgde med rekordresultatet året i forvegen.

2022-talla viser også ny rekordomsetning på 327 millionar – opp kring 30 millionar frå året før.

Driftsresultatet vart betre enn året før – men resultat før skatt gjekk litt ned til 18,2 millionar (sjå tabell under). Det er framleis det nest beste konsernet har levert, til trass for at alt frå drivstoff og røyr, til kummar og sprengstoff har vorte dyrare.

Aco Møre (konsern)
Årsresultat (i mill kr)2022
2021
Driftsinntekter

327,2

297,2
Driftsresultat

21,2

20,4
Resultat før skatt
18,3
19,2

Ti selskap i konsernet
Aco-konsernet har hovudadresse på Vadset i Ålesund og består av til saman ti selskap. Åtte av dei er heleigde, medan konsernet eig 90 prosent av selskapa Aco Transport og Natursteinpartner.

Entreprenørselskapet Aco Anlegg utgjer hovudverksemda med drygt 300 millionar i omsetning i fjor. Også Aco Transport og Aco Utleie hadde betydelege inntekter på høvesvis 23,7 og 11,2 millionar kroner.

Konsernet hadde til saman 83 tilsette i fjor – nokre færre enn året før. 70 av dei tilsette jobba i entreprenørselskapet Aco Anlegg.

Westre-familien største eigarar
Eigenkapitalen i konsernet var ved utløpet av 2022 på drygt 58 millionar – opp drygt ti millionar frå året før. Langsiktig gjeld var på knappe 97 millionar kroner.

Største eigarar er Byggtorget Holding som er eigd av Westre-familien, i tillegg til Asle Vatne Drabløs, Håkon Aure og Jakta Invest. Sistnemnte er igjen eigd av Aco Anlegg-sjef Tarjei Rødset og Marte Tennebø Rødset.

Publisert: 31.07.2023 09:33

Sist oppdatert: 31.07.2023 09:32

Mer om