Volda skisenter - Foto: Volda skisenter
NYTT MINUS: Trass i at omsetninga kom opp på nivået frå før pandemien, fekk Volda skisenter nytt minus i rekneskapen. Foto: Volda skisenter
Nytt

Nytt minusår for skisenter

Inntekt på «før-pandeminivå», var ikkje nok til å hindre nytt underskot.

Marius Rosbach
20.09.2022

Inntektene til Volda skisenter var oppe på normalnivå att i fjorårssesongen. Likevel vart det underskot for senteret som blir dreve på dugnad – slik det også vart året før.

I årsrapporten påpeiker styret at skisenteret også i sesongen 2020/21 i stor grad blei råka av koronapandemien.

Stengt i perioder
I perioder var skitrekket nøyd til å halde stengt, og samtidig var det begrensa kor mange gjestar dei kunne ta i mot.

– Det påverka resultatet i stor grad, då det har vore ein sesong med mange potensielle opningsdagar, skriv leiinga.

Selskapet har avvikande rekneskapsår som går frå september 2020 til september 2021.

Mindre tap enn året før
Omsetninga på nær 2,8 millionar kroner utgjer ei solid auke frå den første «koronasesongen» året før. Då stoppa inntektene på knappe 1,6 millionar kroner.

Underskotet på nær 200.000 kroner er også langt mindre enn sesongen før, då rekneskapet enda med nær 900.000 kroner i minus.

Selskapet har ein eigenkapital på fire millionar og ei samla gjeld på kring 2,5 millionar kroner. Dei største aksjonærane i selskapet er Volda Turn og Idrottslag og Volda kommune.

Volda skisenter

Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt

2,8

1,6
Driftsresultat
-0,1
-0,8
Resultat før skatt
-0,2
0,9

Publisert: 20.09.2022 14:00

Sist oppdatert: 20.09.2022 13:23

Mer om