Nytt prosjekt skal fremme moerefisk
SATSING: Herøy-båten Ventura ved eigarane Gunnar og Martin Leinebø er med på prosjektet som skal byggje opp mørefisk som merkenamn.
Nytt

Nytt prosjekt skal fremme mørefisk

Ferskfisk frå Møre skal frontast gjennom eit eige prosjekt. Fisken kan verte spora tilbake til den enkelte båten.

29.10.2014
- Ja, dette er ei mulegheit som vi ser på.
Dette seier avtroppande salssjef Jon Grimstad i Surofi (Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag). Han er med i prosjektgruppa, som vert leia av Møreforsking.
- Målet er å slå eit slag for fersk fisk frå kystflåten på Møre. Prosjektet har fått namnet «ferskfisk frå Møre», men det er ikkje bestemt kva namn som skal brukast når marknadsføringa av fisken startar.

Får støtte

Kystfiskar Martin Leinebø på Herøy-båten Ventura er med i prosjektet. Han har tru på at dette er vegen å gå.
- Sjølv meiner vi at vi leverer god kvalitetfisk i dag, men vi må heile tida utvikle oss, slik at vi også kan kome inn på nye marknader.
Han har ikkje noko imot at prosjektet fører til at fiskeprodukta kan verte spora tilbake til hans båt.
- Nei, det er noko vi ser positivt.

Fire mottaksanlegg

Fire mottaksanlegg er med i prosjektet. Det er Sandefisk på Sandsøya, Marine Sales Moltu i Stoksund, Marine Sales i Ålesund og Vigrafisk på Vigra.
Jon Grimstad seier at prosjektarbeidet nyleg har starta. Han ser fram til at ferskfisk frå regionen kan samlast under ein merkevarestandard.
- Dette trur vi vil auke både kvaliteten og prisen.
Dette trur vi vil auke både kvaliteten og prisen

Publisert: 29.10.2014 19:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38