Mt food matthanee vadset foto marius 11
MATSUKSESS: Matthanee Vadset (t.v.) dtriv gatekjøkkenet MT Food på Digernes. Alisa Knutsen er ein av to tilsette. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt rekordår og utviding for MT Food

Trass vekevis med stengte dører, sette ta-med-mat-suksessen på Digerneset nye rekordar i fjor.

Marius Rosbach
09.04.2021

MT Food på Digerneset slo nye rekordar i fjor, viser rekneskapen som nyleg blei klare. Men Terje Vadset legg ikkje skjul på at det har vore eit spesielt år på fleire vise for familiebedrifta til han og kona.

– 2020 såg først ut til å bli eit kjempeår og starta med veldig bra omsetning. Vi hadde akkurat skaffa oss ny kokk då «dopapirtorsdagen» kom, fortel han til NETT NO.

Det er utfordrande med store svingingar når maten blir laga klar dag for dag

Torsdagen Terje Vadset viser til, er 12. mars i fjor. Då hasta kundane forbi dørene til MT Food etter å ha hamstra dopapir og anna. Etterpå blei det permisjon for tre tilsette og vekevis med stengte dører. Først i juni månad starta dei opp for fullt att.

– Vi forsøkte ha ope litt i mai, men det gjekk for mykje i rykk og napp. Det er utfordrande med store svingingar når maten blir laga klar dag for dag. Men frå sommaren var det toleg bra, og det blei eitt greitt resultat til slutt, meiner Vadset.

Rekordomsetning – og resultat
Trass utfordringane viser rekneskapen at dei enda opp nær hundre tusen over førre rekordår i 2019. Også resultatet er det beste i løpet av dei fem åra serveringsstaden har vore i drift (sjå tabell under).

MT Food AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 3,7 3,6
Driftsresultat 0,3 0,2
Res. før skatt 0,3 0,2


Det er kona Matthanee Vadset som i hovudsak står for drifta og er dagleg leiar, medan den tidlegare Skodje-ordføraren er styreleiar og «alt-mogleg-mann».

Kona har erfaring restaurantdrift i heimlandet Thailand og har tilsett to vaksne kvinner. Det var då ho stod utan jobb for nokre år sidan, at paret fann ut at dei kunne starte med produksjon og sal av asiatisk inspirert mat.

Utvidar lokale
MT Food har blitt eit populært tilskott på Digernes dei siste åra, og i løpet av få veker utvidar dei lokale med kring 50 prosent. Terje Vadset ser fram til at familiebedrifta skal «flytte ut» av heimen, der dei har hatt grovkjøken til no.

– Vi tek over resten av hjørnet på bygget. Samtidig har vi nytta litt pengar til å pusse opp lokala og lage ti sitteplassar, fortel han.

Startar med nettbestilling
Serveringsstaden startar om kort tid også med bestillingar via nett. Systemet og programvara er allereie på plass og teke i bruk til bedriftskundar som vil ha «overtidsmat». Men Vadset fortel at dei vil gjere nokre justeringar før dei lanserer for alle kundar.

– Vi er litt redde for å få problem om det kjem inn mange bestillingar på kort tid, og skal lage ei tilpassing for å unngå det. Vi leverer mat rett frå steikepanna, og det krev at vi har kontroll for å gi kundane eit best mogleg tilbod, legg Vadset til.

Publisert: 09.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.04.2021 23:26

Mer om