Nytt
Vekst og generasjonsskifte for Sunnmørsmat
Sønene til eggprodusenten på Haramsøya tek over drifta – og snart opnar dei stor hønsefarm på Zanzibar.
Marius Rosbach
28.01.2021
Fleire er kjent med dei gula pakkane med Sunnmørsegg, som er til sals i lokale daglegvarer. Egga blir marknadsført og selt av selskapet Sunnmørsmat, som Rune Haram starta opp for om lag seks år sidan.
No er dei i ferd med å ta grep for framtida.
– Det er eit generasjonsskifte på gong og sonen min Håkon, som har vore med som eigar heile tida, skal no ta over som dagleg leiar, fortel Rune Haram til NETT NO.
– Målet med selskapet har heile tida vore at det skal vere eit verktøy for å auke verdiskapinga for gardane som er med i samarbeidet. Samtidig har vi ønska å bygge opp bedrifta, på ein slik måte at nokon skulle ha lyst til å ta over, forklarar Rune Haram.
– Året sett under eitt var veldig bra, og vi auka omsetninga med kring 30 prosent, fortel Haram.
Etter at dei bikka tre millionar i omsetning i 2019, enda fjoråret med ei omsetning på kring 4,2 millionar, ifølgje Haram. Selskapet har heile tida gått i pluss og dei har vore forsiktige med å ta ut lønn.
I 2019 blei dei også i landbruket i Møre og Romsdal av Innovasjon Norge, fem år etter at dei mista det førre hønsehuset i ein dramatisk brann på garden.
Haram fortel at det gjekk i «rykk og napp» i dette segmentet ettersom restaurantar og hotell fekk merke konsekvensane av ulike smitteverntiltak gjennom året.
– Først var det bom stopp for alle i mars. Vi leverer mellom anna til Storfjord Hotel og Hotel Union Øye, som begge hadde fulle hus i sommar. Så kom hausten som har vore litt meir varierande igjen, fortel han.
Alt i alt fortel eggprodusenten at dei har merka lite negative konsekvensar av koronapandemien.
– No har vi bygd opp ein farm og har fått på plass heile verdikjeda fram til hotella, fortel Haram.
Prosjektet starta med ein telefon frå ålesundaren John John Bruseth i 2016. Han fortalde korleis turistane på øygruppa helst ville ha egg med gul plomme, men at desse i hovudsak blei importert.
Bruseth lurte på om Haram ville vere med å bidra til lokal produksjon, og eggprodusenten sa ja på sparket.
Samen med samarbeidspartnarar i Norge og på Zanzibar har dei bygd opp ein større farm med fire hønsehus, administrasjonsbygg, lager og veterinærkontor. Kyllingane er på plass i det første huset, og neste veke kjem det kyllingar inn i det andre huset. Til påske vil dei første vere vaksne og starte å legge egg, fortel Haram.
No er dei i ferd med å ta grep for framtida.
– Det er eit generasjonsskifte på gong og sonen min Håkon, som har vore med som eigar heile tida, skal no ta over som dagleg leiar, fortel Rune Haram til NETT NO.
– Eit verktøy for å auke verdiskapinga
Haram-familien samarbeider med andre gardar gjennom selskapet Sunnmørsmat. I tillegg driv dei eigen gard – som eldstesonen Erling – no tek over. Haram har også ei dotter som førebels er under utdanning, men som óg er med som eigar.– Målet med selskapet har heile tida vore at det skal vere eit verktøy for å auke verdiskapinga for gardane som er med i samarbeidet. Samtidig har vi ønska å bygge opp bedrifta, på ein slik måte at nokon skulle ha lyst til å ta over, forklarar Rune Haram.
Auka omsetning i fjor
Så langt har strategien vore vellukka, og fjoråret baud på ny kraftig vekst.– Året sett under eitt var veldig bra, og vi auka omsetninga med kring 30 prosent, fortel Haram.
Etter at dei bikka tre millionar i omsetning i 2019, enda fjoråret med ei omsetning på kring 4,2 millionar, ifølgje Haram. Selskapet har heile tida gått i pluss og dei har vore forsiktige med å ta ut lønn.
I 2019 blei dei også i landbruket i Møre og Romsdal av Innovasjon Norge, fem år etter at dei mista det førre hønsehuset i ein dramatisk brann på garden.
«Rykk og napp» i storkjøkenmarknaden
Salet til daglegvarebutikkar gjekk bra gjennom heile fjoråret, medan dei opplevde store svingingar i storkjøkenmarknaden om følgje av koronapandemien.Haram fortel at det gjekk i «rykk og napp» i dette segmentet ettersom restaurantar og hotell fekk merke konsekvensane av ulike smitteverntiltak gjennom året.
– Først var det bom stopp for alle i mars. Vi leverer mellom anna til Storfjord Hotel og Hotel Union Øye, som begge hadde fulle hus i sommar. Så kom hausten som har vore litt meir varierande igjen, fortel han.
Alt i alt fortel eggprodusenten at dei har merka lite negative konsekvensar av koronapandemien.
Eggproduksjon på Zanzibar
Familiebedrifta er også engasjert i eit prosjekt på Zanzibar gjennom hjelpeorganisasjonen Johooo. Utgangspunktet var at dei ville hjelpe lokale kvinner til å bygge opp eit nettverk innan eggproduksjon med turistindustrien som marknad.– No har vi bygd opp ein farm og har fått på plass heile verdikjeda fram til hotella, fortel Haram.
Prosjektet starta med ein telefon frå ålesundaren John John Bruseth i 2016. Han fortalde korleis turistane på øygruppa helst ville ha egg med gul plomme, men at desse i hovudsak blei importert.
Bruseth lurte på om Haram ville vere med å bidra til lokal produksjon, og eggprodusenten sa ja på sparket.
Samen med samarbeidspartnarar i Norge og på Zanzibar har dei bygd opp ein større farm med fire hønsehus, administrasjonsbygg, lager og veterinærkontor. Kyllingane er på plass i det første huset, og neste veke kjem det kyllingar inn i det andre huset. Til påske vil dei første vere vaksne og starte å legge egg, fortel Haram.
Les også:
Målet med selskapet har heile tida vore at det skal vere eit verktøy for å auke verdiskapinga for gardane som er med i samarbeidet
Publisert: 28.01.2021 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13