Konsernet Evry ASA og det norske dotterselskapet Evry AS har nyleg levert stemning til Oslo tingrett med erstatningskrav mot Entra Eiendom AS.
Både Norwegian Datasenter Group (tidlegare Lefdal Mine Datasenter) i Måløy og IT-leverandøren Evry meiner at Entra har gått fram på ein slik måte at dei har lide store tap.
- Vi arbeider med eit tilsvar til søksmålet. Entra vil legge ned påstand om full frikjenning, og Entra er komfortabel med vår rolle i saka, seier Østrem, som ikkje vil kommentere tvisten ytterlegare.
Selskapet krev også full frikjenning i søksmålet frå Måløy-selskapet.
Den første gongen var i juli 2012, kort tid før Norwegian Datasenter Group (NDG) kom inn i bildet. Ein avtale låg på bordet, men Entra trekte tilbodet rett før styret i Evry skulle behandle det.
Sterke protestar frå ordførarar fleire stader i landet,, som meinte at eit statleg selskap ikkje skulle øydelegge for aktørar i distrikta, var truleg medverkande til dragkampen.
Etter tre års samarbeid om Greenfield, opplevde Evry avtalebrotet som illojalt, og i eit brev frå konsernsjef Terje Mjøs til Entra få dagar etterpå, tok Evry atterhald om erstatning for det som hadde skjedd.
Kyrre Olaf Johansen hadde ivra for at Entra skulle satse på datalagring i tillegg til tradisjonell eigedomsforvalting. Han slutta på dagen i juli 2012, kort tid etter at Entra trekte seg frå den første avtalen med Evry.
Johansen vart erstatta av Rune Olsø, som sat i jobben til oktober, då dei tette banda til dåverande næringsminister Trond Giske førte til at både Olsø og delar av styret måtte gå. Finansdirektør Anne Harris vart konstituert i stillinga og leia Entra fram til januar 2013, då Klaus-Anders Nysteen overtok som konsernsjef. Harris slutta som finansdirektør i oktober, kort tid etter det første søksmålet mot Entra.
Store tap
Dermed får Entra to erstatningskrav mot seg etter at planane om å byggje eit datalagringssenter til 500 millionar kroner, Greenfield Datasenter, i Akershus havarerte.Både Norwegian Datasenter Group (tidlegare Lefdal Mine Datasenter) i Måløy og IT-leverandøren Evry meiner at Entra har gått fram på ein slik måte at dei har lide store tap.
Krev frikjenning
Juridisk direktør Hallgeir Østrem i Entra Eiendom stadfester at selskapet har motteke eit søksmål frå Evry.- Vi arbeider med eit tilsvar til søksmålet. Entra vil legge ned påstand om full frikjenning, og Entra er komfortabel med vår rolle i saka, seier Østrem, som ikkje vil kommentere tvisten ytterlegare.
Selskapet krev også full frikjenning i søksmålet frå Måløy-selskapet.
Trekte tilbodet
Evry opplevde at Entra trekte seg to gonger frå ein avtale om å realisere Greenfield Datasenter (sjå faktaboks om aktørane).Den første gongen var i juli 2012, kort tid før Norwegian Datasenter Group (NDG) kom inn i bildet. Ein avtale låg på bordet, men Entra trekte tilbodet rett før styret i Evry skulle behandle det.
Usemje i styret
Etter kvart kom det fram at det var harde dragkampar i Entra-styret om det statseigde eigedomsselskapet skulle drive med datalagring.Sterke protestar frå ordførarar fleire stader i landet,, som meinte at eit statleg selskap ikkje skulle øydelegge for aktørar i distrikta, var truleg medverkande til dragkampen.
Ny kontrakt
NDG kjøpte 67 prosent av aksjane i Greenfield Property AS i oktober 2012, og saman med Entra (sat igjen med 33 prosent) vart det jobba fram ein ny avtale med Evry som vart signert få dagar før nyttår. Kontrakten var på 20 år og verd 1,2 milliardar kroner. Ein opsjon på to bygg til, ville doble kontraktverdien.Trekte seg igjen
Frå Evry var det heile vegen eit krav at Entra skulle halde fram som aksjonær i Greenfield og stille opp med eigenkapital for å realisere utbygginga, og då Entra heilt uventa 11. januar 2013 varsla at dei ville selje aksjane sine i Greenfield, vekte det sterke reaksjonar i Evry.Etter tre års samarbeid om Greenfield, opplevde Evry avtalebrotet som illojalt, og i eit brev frå konsernsjef Terje Mjøs til Entra få dagar etterpå, tok Evry atterhald om erstatning for det som hadde skjedd.
Fire konsernsjefar
Det høyrer med til historia at problema rundt Greenfield skjedde samstundes som Entra skifta konsernsjef fire gonger på eit halvt år.Kyrre Olaf Johansen hadde ivra for at Entra skulle satse på datalagring i tillegg til tradisjonell eigedomsforvalting. Han slutta på dagen i juli 2012, kort tid etter at Entra trekte seg frå den første avtalen med Evry.
Johansen vart erstatta av Rune Olsø, som sat i jobben til oktober, då dei tette banda til dåverande næringsminister Trond Giske førte til at både Olsø og delar av styret måtte gå. Finansdirektør Anne Harris vart konstituert i stillinga og leia Entra fram til januar 2013, då Klaus-Anders Nysteen overtok som konsernsjef. Harris slutta som finansdirektør i oktober, kort tid etter det første søksmålet mot Entra.
Entra vil legge ned påstand om full frikjenning, og Entra er komfortabel med vår rolle i saka
Publisert: 05.02.2014 06:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31