Nytt selskap har fått ja til torskeoppdrett
Fleire Salmon Evolution-aksjonærar er med i nykomaren Codlife.
Like før jul 2023 fekk Codlife sitt første løyve til å drive torskeoppdrett, ved Fjørtoft i Haram kommune.
På lokaliteten Vågholmen kan selskapet ha eit anlegg som kan levere omlag 2000 tonn oppdrettstorsk i året når det har kome i full drift, ifølgje dagleg leiar og medeigar Sebastian B. Ludvigsen. Selskapet har ytterlegare ein søknad til handsaming hos Møre og Romsdal Fylkeskommune, for eit litt mindre anlegg på lokaliteten Røholmane ved Gåsøya aust for Finnøya.
Den søknaden blir truleg avklart i år. Det er eit alternativ for Codlife å vente klar til å ta ei avgjerd om investering til selskapet har fått svar på begge søknadane, fordi det er utfordrande å drive med berre ein lokalitet, ifølgje Ludvigsen.
Lokale investorar
Per i dag har Codlife 11 aksjonærar, med Ludvigsen sitt selskap Kårvik Invest (32,8 prosent) som det største. Viseadministrerande direktør Glen Bradley i brønnbåtreiarlaget Rostein eig 23,8 prosent gjennom selskapet GB Value og 1,1 prosent gjennom Ocean Industries. På eigarsida er og Jan Endre og Sindre Vartdal gjennom Brødrene Vartdal (fem prosent), Huse-familien gjennom selskapet Seriana (2,5 prosent), dei tidlegare Optimar-medeigarane Frode Håkon Kjølås (2,5 prosent), Asbjørn Solevågseide (2,9 prosent) og Peder Stette (2,5 prosent) gjennom sine investeringselskap. Amund Pedersen og Tore Rødal er også medeigarar.
Både Bradley, Kjølås, Stette og Solevågseide er også medeigar i det landbaserte lakseoppdrettselskapet Salmon Evolution i Indre Harøy på Romsdalskysten.
Kommuner set oppdrett på vent
Det er fylkeskommunen som avgjere søknadar om å få starte torskeoppdrett.
Per i dag har Møre og Romsdal fylkeskommune til handsaming 11 søknadar om å få etablere torskeoppdrettsanlegg i fylket, ein av dei frå Codlife. Rådgivar Rebekka Varne i fylkeskommunen seier det er sannsynleg at alle søknadane blir handsama i løpet av 2024.
Unntaket er fire søknadar frå torskeoppdrettselskapet Ode i Ålesund, tre om å få starte oppdrett i Gjemnes kommune ein om å få starte torskeoppdrett i Rauma. Begge kommunane har vedteke såkalla bygge- og deleforbod, som i praksis kan sette søknadar om å få starte oppdrett på vent i fire år, medan kommunane vurdere kva slags verksemd dei vil ha i fjordane sine.
Det er Ode som dominerer på søkarlista. I tillegg til dei til saman fire løyva i Gjemnes og Rauma har selskapet søkt om å få drive oppdrett på fem andre lokalitetar, to på Smøla, ein i Sunndal, ein i Tingvoll og ein i Volda. I tillegg har Ode søkt om å få utvide ein lokalitet i Volda og ein i Vestnes, der selskapet allereie har drift i dag.
Publisert: 08.01.2024 13:55
Sist oppdatert: 08.01.2024 18:11