Jonas Gahr Støre på V Ard Langsten foto Ogne
TO-TRE ÅR: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) trur auka fornybarproduksjon i Europa vil slå positivt ut for straumprisen innan to-tre år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt straumkøyr mot Støre

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner delar av straumkrisa må løysast i samarbeid med Europa. Om to–tre år kan det vere over, seier han.

11.01.2023

NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Bibiana Piene: – Eg trur at vi kjem ut av den krisa om eit par-tre år, når Europa kjem i gang med fornybar-produksjonen sin, og vi kjem vidare med betre samarbeid og meir utveksling, og meir kraft, meir nett og meir enøk, sa Støre i Stortingets spørjetime onsdag.

Der var straumprisar og kraftkrise det altoverskyggjande temaet.

Raudts Sofie Marhaug ville vite kvifor regjeringa, etter halvtanna år med straumpriskrise, ikkje gjer noko med prismekanismane. Regjeringa trenerer arbeidet, hevdar ho.

– Men det å lukke Noreg inne og tru at sidan det kostar 12 øre å produsere straum, så er det det prisen bør liggje på, det er ikkje vegen å gå. Det kjem til å skape rasjoneringsbehov, meiner statsministeren.

«Noregspris» på straum?

Samtidig held han døra på gløtt for eit toprissystem på straum, der utanlandskablane får eigne prisar. Både SV og regjeringspartnar Sp har teke til orde for dette.

– Eg vil ikkje opne for eller lukke døra for det no. Men det reiser ei lang rekkje problemstillingar i forhold til vårt ansvar for å ha utveksling med andre land og kva det vil gjere med prisfastsetjinga og forsyningstryggleiken. Men vi skal sjå på det grundig, seier Støre.

SV-leiar Audun Lysbakken peikar på det han meiner er grunnleggjande feil med dagens system.

– Sjølvsagt er det krigen og Putins energiimperialisme som er årsaka til dei løpske gassprisane i Europa. Men det kan jo også hende at denne situasjonen har avdekt at eit fritt marknadssystem på det som eg trur dei fleste meiner er svært grunnleggjande infrastruktur, nettopp passar dårleg i ei slik krise, sa SV-leiaren.

Steinkasting

Spørjetimen starta med verbal steinkasting om straum mellom Støre og Høgres Nikolai Astrup.

Astrup ville vite kva Støre eigentleg trur han vil finne når «alle steinar skal snuast» for å løyse kraftproblemet.

– Under ein av desse steinane finn han forhåpentleg auka kraftproduksjon, sa Astrup, som retta peikefingeren mot nedskaleringa til regjeringa av havvindprosjekta Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

Her var det opphavleg planlagt for utbygging av 4.500 megawatt havvind, men regjeringa har så langt berre kunngjort areal tilsvarande 2.000 MW.

– Ser ikkje regjeringa alvoret i den situasjonen vi står i? spurde Astrup.

Kritiserte Høgre

– Kva stein var Høgre under i åtte år? repliserte Støre.

– Då vi kom i regjeringskontora, var det svært lite som hadde skjedd. Full stopp i all landbasert vindkraft og treg framgang på enøk. Og – det var berre to halve årsverk i Olje- og energidepartementet på havvind. Heile administrasjonen som skal til for å behandle konsesjonssøknader, var på eit minimum, påpeika han.

– Det måtte ei ny regjering og ny handlekraft til for å komme vekk frå den søvndyssande under steinen-tilværet som Høgre og Astrup var i i altfor mange år, sa han.

Publisert: 11.01.2023 12:16

Sist oppdatert: 11.01.2023 12:22