Joar Saether Tomas Hagen Kristoffer Buvik Hopmark foto marius
IT-STUDENTAR: Frå venstre: Joar Sæther (f.v.) og Kristoffer Buvik Hopmark studerer til ein bachelor i it, medan Tomas Hagen går årsstudium på same felt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt tilbod fell i god jord hos it-studentar

Snart er det igjen mogleg å ta mastergrad i Molde.

Marius Rosbach
25.02.2025

Etter fleire år utan masterutdanning innan it, kan Høgskolen i Molde frå hausten igjen skilte med eit slikt tilbod. 

Det er snakk om ein master i anvendt informatikk som er spissa mot yrkesaktive og 100 prosent nettbasert. Det er lagt opp til eit 50 prosents deltidsstudie over tre år. 

Ferreira Joao Carlos er ansvarleg for tilbodet og fortel at han er spent på mottakinga. 

–  Det første året kan vere vanskeleg, fordi ein må gjere tilbodet kjent, seier han. 

– Fantastisk løysing for Molde
Tre it-studentar Nett No møtte på IT- og teknologikonferansen INIT i Molde synest eit nytt masterstudie til byen høyrest topp ut.

– Det er ei fantastisk løysing for Molde, at folk får ei slik moglegheit når dei er ferdige med ein bachelorgrad, seier Joar Sæther.

Saman med Kristoffer Buvik Hopmark studerer han til ein bachelor i it- og digitalisering ved høgskulen. 

Dei har merka seg at det finst fleire bedrifter i lokalmiljøet som jobbar med ting dei synest er interessante. 

Studentane vil vurdere master
Hopmark fortel at han allereie har deltidsjobb i Brunvoll, etter at han tidlegare har gått ikt -servicefag og teke i fagbrev ved bedrifta. 

– Eg søkte Høgskolen i Molde fordi det var lokalt og eg slapp å flytte. Om det også blir mastermoglegheiter, så er det veldig interessant for min del, seier han.  

Også Sæther valde studiet delvis fordi det var i Molde. Medstudent Tomas Hagen som bur i byen, tenkte på same måte. 

– Det var nært og ikkje noko karakterkrav, så det var lett å kome inn, seier han. 

– Eg vil iallfall ta bachelor, og master kan også vere aktuelt. Eg synest det er greitt at tilbodet blir utvida. Då kan ein få bryne seg på meir vanskelege og avanserte tema også, legg Hagen til.

Ferreira Joao Carlos hogskolen molde foto marius
STUDIEANSVARLEG: Ferreira Joao Carlos er ansvarleg for det nye mastertilbodet ved Høgskolen i Molde som har første søknadsfrist 15. april. Foot Marius Rosbach

– Ope for studentar frå heile Europa
Portugisaren Ferreira Joao Carlos har tidlegare starta tilsvarande opplegg i heimlandet. Han meiner masterutdanninga også eit rimeleg alternativ for studentane. 

– Ettersom studiet er online, vil det vere mogleg å følgje undervisninga frå ulike plassar. Det er ope for studentar frå heile Europa, seier han. 

Masterutdanninga skal vere sokalla erfaringsbasert, der studentane vil samarbeide med bransjeekspertar og få praktisk kunnskap om både nye teknologiar, og korleis dei skal drive nyskaping og forretningsutvikling. 

Carlos fortel at studentane vil få praktisk erfaring med alt frå kunstig intelligens, internet of things (IoT), blockchain og digitale tvillingar. I læreplanen vil dei bygge bru mellom akademisk forsking og applikasjonar, og studentane vil jobbe med verkelege prosjekt og case-studie.

Halvparten gjekk rett i arbeid 
Miljøet ved Høgskolen i Molde tek eit nytt steg med et nye tilbodet. It-utdanninga blei starta opp att i 2019, etter å ha vore brakk i kring ti år. 

I skulen sin kandidatundersøking mellom bachelorstudentane som gjekk ut i 2023, svara kring halvparten at dei var i lønna arbeid eit halvt år etter ferdig utdanning. 

Nær ni av ti meinte utdanninga var relevant for jobben deira. 

Kring ein av ti studerte vidare, og tre av ti var arbeidssøkjande. Av dei som var i jobb, hadde nær halvparten fått arbeid undervegs i utdanninga. 

Publisert: 25.02.2025 09:02

Sist oppdatert: 25.02.2025 11:26

Mer om