Nytt vekstår for Spilka Industri
Spilka-sjef Terje Bøe auka arbeidstokken med 20 i fjor og skal tilsette like mange nye i år.
Går alt etter planen er Spilka Industri i Ålesund og datterselskapet Spilka Building Solutions oppe i 90 tilsette innan året er omme.
Etter minusår i 2019 har både driftsinntekter og lønsemd gått oppover (sjå tabell).
I år ventar Spilka Industri 12-13 prosent vekst i driftsinntektene og også auke i lønsemda, seier dagleg leiar Terje Bøe. Datterselskapet Spilka Building Solutions, som lanserte seg i marknaden i fjor, er venta å nå 20 millionar kroner i driftsinntekter i år.
Nye marknadar
Spilka Industri hadde i mange år gode resultat frå sitt eigenutvikla vindusbeslag, opphavleg kalla Husmorvinduet, også etter at patentet hadde gått ut.
Beslaget gjorde det råd å vippe vindauga rundt, slik at dei kunne vaskast på begge sider frå innsida av huset. Etterkvart auka konkurransen, og Spilka Industri har i fleire år arbeidd for å utvikle nye produkt og marknadar.
Tidlegare i år fekk datterselskapet Spilka Building Solutions si første kontrakt i marknaden, med si eigautvikla løysing for festing av fasadeplater på bygg. Spilka Industri er ein viktig leverandør til Spilka Building Solutions. I år har Spilka Industri også blitt partnar i eit prosjekt for å utvikle eit system for innerveggar.
I pluss etter 27 år
Spilka Industri er eigd av søskena Kristin Laila, Knut Inge og Bjørn Stafset, gjennom selskapet Spilka (tidlegare Tasso).
Under Spilka-paraplyen er også selskapet Vello Nordic, med kontor og produksjon på Håhjem i tidlegare Skodje kommune.
Vello Nordic lagar profilar i glas- og karbonfiber og hadde i 2021 sitt første overskot siodan starten i 1994.
Les også
Spilka Industri as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 130,1 | 122,5 |
Driftsresultat | 6,6 | 5,3 |
Resultat før skatt | 5,3 | 2,4 |
Publisert: 09.05.2022 09:48
Sist oppdatert: 09.05.2022 16:01