Næringsforeiningar vil slå seg saman
Ålesund og Haram signerte allianse og Lene Trude Solheim meiner det er grunn til å vurdere tettare samarbeid for heile Nordvestlandet.
Næringsforeningen Ålesundregionen og Haram Næring- og Innovasjonsforum signerte torsdag ein allianseavtale med mål om ei samanslåing neste år.
Torsdag ettermiddag blei avtalen signert av styreleiarane og dei daglege leiarane og markert ved Brosundet i Ålesund.
– Vi er ekstra glade over at vi har lukkast med ein slik avtale, ettersom terrenget har vore sondert tidlegare, utan at det blei funne grunnlag for å gå saman, fortel administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen til NETT NO.
Sjå direktesending frå signeringa (ekstern lenke til Facebook)
Næringsforeiningane i allianse
Næringsforeningen Ålesundregionen og Haram Nærings og Innovasjonsforum har som mål å slå seg saman innan 2022.
Til saman representerer dei to foreiningane kring 10.000 tilsette i kring 300 medlemsbedrifter.
Ålesund er størst med kring 230 medlemmar, og sju-åtte bedrifter er medlem i begge foreiningane.
Bør vurdere om fleire skal jobbe tettare
I dag har Ålesund-foreininga regelmessige samlingar med kollegane i Molde og Kristiansund, og på søre Sunnmøre samarbeider næringsforeiningane i sju kommunar.
Solheim meiner det er grunn til å vurdere eit meir formalisert samarbeid mellom foreiningane på heile Nordvestlandet.
– Ja, eg meiner vi må sjå på om vi kan vere fleire aktørar som jobbar tettare saman. Det handlar ofte om å få gjennomslag i Oslo og vi får til mykje godt i dag, men eg trur vi kan bli endå betre, fortel Solheim.
– Har utbytte av å samarbeide
Etter at tidlegare Haram kommune er innlemma i nye Ålesund kommune, er det naturleg at dei to aktørane finn saman.
– Alt eg har vore med på i yrkeslivet der vi har fått til ting, har vore basert på samarbeid, om det har vore internt i organisasjonar, eller mellom foreiningar. Og her såg vi at Ålesund og Haram har utbytte av å samarbeide, seier Solheim.
Ho påpeiker samtidig at bedriftene ikkje ser kommunegrensene på same måte som det offentlege.
Avtalen har vore til behandling i styra og generalforsamlingane, og ein prosjektleiar skal vere på plass over sommaren.
(saka held fram under)
Sjå direktesending frå signeringa (ekstern lenke til Facebook)
Ser likskapar mellom Haram og Ulstein
Leiaren av Næringsforeningen Ålesundregionen er overtydd at Haram har mykje å tilføre sin større partnar. Solheim er sjølv busett i Ulsteinvik, og ser likskapar mellom Ulstein og Haram.
– Eg meiner Haram og Ulstein har vore ganske like når det kjem til samarbeid mellom skule og næringsliv, og ein kultur for innovasjon og nyskaping. Dei har tung industrikompetanse og ein tradisjon for å bygge langsiktig ved satsing på til dømes Taf-elevar og lærlingar, fortel ho.
Med Nordøyvegen på plass vil også den delen av regionen få eit løft framover med meir aktivitet på øyer som Longva og Finnøya, trur Solheim.
Publisert: 24.06.2021 14:11
Sist oppdatert: 24.06.2021 22:00