Skaparhuset veks og får «sambuarar»
Skuleelevane er allereie i full gong. No er også fleire aktørar og ein «skaparguide» på veg inn.
Skaparhuset i Ulsteinvik blir no samlokalisert med Hoppid-kontoret for Ulstein, Hareid og Herøy, Ikuben, Ålesund Kunnskapspark og Ulstein Næringsforum.
– Det er for at vi skal få til meir samarbeid og få meir ut av ressursane, fortel prosjektleiar ved Skaparhuset, Kjersti Kleven, til NETT NO.
Ved å samle «gode hjelparar» for næringsutvikling i regionen, vil dei gjere verktøya meir tilgjengeleg og kome nærare brukarane. Skaparhuset ska framleis halde til i første etasje, medan det blir kontor i etasjen over.
Tilsett «skaparguide»
Kjersti Kleven jobbar 50 prosent med prosjektet, og i tillegg har dei no tilsett Tobias Hatløy som «skaparguide».
– Han skal ha ansvar for det tekniske og utvikle opplegg med kursing også vidare. Han vil også vere ein viktig brubyggar til dei tekniske personane i bedriftene, forklarar ho.
Møteplassen som opna i august i fjor held til på gateplan i Sjøgata midt i Ulsteinvik sentrum.
Vi vil også at dette skal vere næringslivet på søre Sunnmøre sin utviklingsarena
Fleire elevprosjekt i gong
Skuleelevar i Ulstein er allereie i full gong, og fire av fem dagar er elevar på plass og jobbar med ulike prosjekt.
– No har vi ei gruppe som jobbar med å utvikle ein enkel ROV for å undersøke havbotnen. Ei anna gruppe jobbar eit prosjekt som testar ut korleis dei kan auke temperaturen i ei bikube, for å auke produksjonen av honning, fortel Kleven.
Utfordringa for biene på desse kantar er at det er litt for kaldt. Men om ein klarar å auke temperaturen berre med ei grad, så kan produksjonen ta seg opp.
– Dei jobbar med ein solfangar som skal bidra til dette, og i desse dagar held dei på å montere dette inne på verkstaden, legg ho til.
3D-printarar og VR-stasjon
Brukarane kjem mellom anna frå linja for teknologi og innovasjon på Ulstein vidaregåande skule, og frå Ulstein ungdomsskule der elevar har valfag med arbeidslivsfag og teknologi i praksis.
– Skulane er i gong og det har begynt å gi oss ei god erfaring vi tek med oss vidare. Sjuandeklassingane på barneskulane er også inne i eit skule-næringslivssamarbeid som heiter ungt entreprenørskap, legg ho til.
I lokalet har dei mellom anna verktøy som 3D-printarar og dei har bygd ein stasjon for simulering ved hjelp av VR-teknologi.
Vil at unge og bedrifter skal møtast
Kleven fortel at bedriftene er positive til å bidra, men førebels har koronapandemien gjort at ein del av dette arbeidet er sett på vent.
– Vi jobbar med å utvikle prosjekt der elevane kan jobbe med problemstillingar som næringslivet kjem med, fortel ho.
Ho opplever at mange i næringslivet ikkje er klar over kor langt framme skulane er når det kjem til teknologi. Til dømes jobbar barneskuleelevane i Kodeklubben med dei same programma som ingeniørstudentane på NTNU startar si utdanning med.
– Vi vil også at Skaparhuset skal vere ein plass der dei unge og næringslivet møtast på likefot, og at bedriftene forstår kva for kompetanse dei unge har. Vi må få sette saman desse med bedriftene sin kompetanse. Då kan vi få spennande og nyttige resultat både for bedriftene og elevane, fortel ho.
Utviklingsarena for næringslivet
Mindre messer er eit anna bruksområde som lokale kan vere aktuelt for. No blir Skaparhuset også nytta til ein del møteverksemd både av kommune og bedrifter, men Kleven påpeiker at dei vil vere noko meir enn eit møtelokale.
– Vi vil også at dette skal vere næringslivet på søre Sunnmøre sin utviklingsarena. Om bedrifter treng å kome seg ut nokre timar for å jobbe med strategi eller utviklingsprosjekt, så kan dei kome hit framfor å reise lengre vekk, fortel ho.
I utgangspunktet er Skaparhuset finansiert ut 2022, men prosjektleiaren fortel at dei jobbar med å sikre vidare drift og at dei «planlegg for evigheita».
E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.
Publisert: 10.03.2021 13:14
Sist oppdatert: 10.03.2021 13:19