Dei lave kraftprisane er godt nytt for næringslivet, som no slit med lavare inntening under koronakrisa. Det same for lønstakarar som skal halde hjula i gang.
Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi opplyser at spotprisen sist veke på 7,3 øre er lågare enn sommaprisar og snøsmeltingsprisar.
- Terminmarknaden indikerer at desse nivåa kjem til å halde seg fram til over sommaren, skriv han i siste vekesrapport.
- Allereie før korona skaut fart, hadde vi eit historisk prisfall grunna store nedbørsmengder i vinter, vedvarande mildvêr og mykje vind og vindkraft både i Norden og på kontinentet. Deretter kom oljeprisfallet og koronafall i marknaden for europeiske klimakvotar og gassmarknaden.
- Oljemarknaden er også viktig for kraftprisane, og prisfallet her vart som kjent ytterlegare forsterka av OPEC og konflikten med Russland, som har gitt priskrig på olje.
- Vi ser at på dagar som i dag, med mindre vind og dermed med eit lite løft i nordisk spot, så gjeld ikkje dette for områda våre. Magasinkraftprodusentane køyrer på så snart redusert vind gir rom for dette. Det skal lagast rom for snøsmeltinga.
- Alt tyder på at 2020 vert levert på prisar lågare enn i 2015, då nordisk spot vart 19 øre.
Det er ikkje berre på Nordvestlandet at straumprisen er lav. I Oslo er prisen den lågaste i mars sidan 1993.
– I mars har vi hatt dagar med straumprisar ned i 6 øre per kWh, og det er spesielt på denne tida av året, seier kommunikasjonsdirektør Stina Johansen i Nord Pool.
For heile landet hadde mars historisk låge gjennomsnittlege straumprisar. Då enda til dømes Kristiansand og Bergen på 9 øre per kWh, medan Molde, Trondheim og Tromsø enda på 10 øre per kWh.
Straumforbruket i mars er i år litt lågare enn i mars i fjor. Det fører til at prisen går ned.
Straumprisane blir òg påverka av kor mykje vatn det er i vassmagasina i Noreg. Fyllingsgrada i vassmagasina ved utgangen av veke 12 ligg på 45,5 prosent, som er langt høgare enn vanleg.
Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi opplyser at spotprisen sist veke på 7,3 øre er lågare enn sommaprisar og snøsmeltingsprisar.
- Terminmarknaden indikerer at desse nivåa kjem til å halde seg fram til over sommaren, skriv han i siste vekesrapport.
Alt trekker ned
Han slår fast at kraftmarknaden vert no råka frå fleire hald.- Allereie før korona skaut fart, hadde vi eit historisk prisfall grunna store nedbørsmengder i vinter, vedvarande mildvêr og mykje vind og vindkraft både i Norden og på kontinentet. Deretter kom oljeprisfallet og koronafall i marknaden for europeiske klimakvotar og gassmarknaden.
- Oljemarknaden er også viktig for kraftprisane, og prisfallet her vart som kjent ytterlegare forsterka av OPEC og konflikten med Russland, som har gitt priskrig på olje.
Mykje snø i fjellet
Havåg opplyser at det ligg store mengder snø i fjella, og dette råkar spesielt Noreg og dei to nordlegaste prisområda i Sverige.- Vi ser at på dagar som i dag, med mindre vind og dermed med eit lite løft i nordisk spot, så gjeld ikkje dette for områda våre. Magasinkraftprodusentane køyrer på så snart redusert vind gir rom for dette. Det skal lagast rom for snøsmeltinga.
- Alt tyder på at 2020 vert levert på prisar lågare enn i 2015, då nordisk spot vart 19 øre.
Det er ikkje berre på Nordvestlandet at straumprisen er lav. I Oslo er prisen den lågaste i mars sidan 1993.
Heilt nede i 6 øre kWh
Straumprisen i Oslo vart i mars 9 øre per kilowattime (kWh), utan moms og påslag. I mars i fjor var snittprisen over fire gonger så høg, 41 øre per kWh, ifølgje kraftbørsen Nord Pool.– I mars har vi hatt dagar med straumprisar ned i 6 øre per kWh, og det er spesielt på denne tida av året, seier kommunikasjonsdirektør Stina Johansen i Nord Pool.
For heile landet hadde mars historisk låge gjennomsnittlege straumprisar. Då enda til dømes Kristiansand og Bergen på 9 øre per kWh, medan Molde, Trondheim og Tromsø enda på 10 øre per kWh.
Straumforbruket i mars er i år litt lågare enn i mars i fjor. Det fører til at prisen går ned.
Straumprisane blir òg påverka av kor mykje vatn det er i vassmagasina i Noreg. Fyllingsgrada i vassmagasina ved utgangen av veke 12 ligg på 45,5 prosent, som er langt høgare enn vanleg.
Publisert: 03.04.2020 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55